Reinsslakt i sekk, levert med helikopter i Toviken.
Reinsslakt i sekk, levert med helikopter i Toviken.

- Saneringa blir ingen suksess

Veterinær Embrik Gjengedal meiner det er forhasta å ta ut Nordfjella-reinen innan 1. mai 2018. – Dette er styrt ovanifrå, og samsvarar ikkje med meiningar frå lokalt hald.

Gjengedal er pensjonert veterinær og tidlegare leiar for Mattilsynet i Hallingdal. Han var sentral då skrapesjuka, ofte rekna som prototypen på prionsjukdom, slo ned på sau på 80- og 90-talet.

Å skunde seg langsamt

I eit lesarinnlegg i Hallingdølen sist veke stilte han ei rekkje kritiske spørsmål knytt til CWD-forsking og prøvetaking på villrein. Tittelen på innlegget er «Er forvaltninga av reinen i Nordfjella fornuftig?».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er heilt einig i at skrantesjuka er alvorleg, og det er sjølvsagt at sjuka ikkje må sleppast laus. Men det er dramatisk at miljøstyresmaktene etter nokre få, kanskje også litt tilfeldig, påviste tilfelle vel å ta ut heile villreinstamma. Omgrepet «stamping out», eller sanering, har vorte nytta i veterinærvesenet på fleire ulike sjukdomar. Prinsippet ved alvorleg sjukdom i ein buskap har vorte at heile buskapen skal takast ut. Men det er stor forskjell på til dømes ei sauebesetning isolert i fjøs og ville dyr ute i naturen, seier han.

Gjengedal peikar på at rein byggjer opp mindre smitte i sitt miljø ute i naturen enn ein sauebesetning inne i eit fjøs.

– Kalvingsplassar kan derimot vera ei utfordring, med tanke på nedsmitting av miljøet. Fosterhinner og væske frå dyr under fødsel bør fjernast eller dekkast over så godt som råd. Generelt sett byggjer rein opp mindre smitte i miljøet kring seg enn sau gjorde, og gjer, i fjøs. Difor meiner eg noko av hastverket fell bort når ein ser på sanering, eller «stamping out» som metode for å bli kvitt skrantesjuke på rein.

Embrik Gjengedal, pensjonert veterinær og tidlegare leiar i Mattilsynet.
Embrik Gjengedal, pensjonert veterinær og tidlegare leiar i Mattilsynet.

Skrantesjuke vs. skrapesjuke

Fleire sauebesetningar vart slakta ned då skrapesjuka fyrst vart påvist på 80-talet. Seinare vart det konstatert at me har to typar skrapesjuke i Norge. Den klassiske skrapesjuka var dødeleg og smittsam. Medan den atypiske varianten, som fekk namnet Nor 98, viste seg å vera mindre overførbar. Den gav heller ikkje like synlege og alvorlege symptom som klassisk skrapesjuke.

– Norge har svært kort historie med skrantesjuke. Me veit jamt over lite om sjukdomen. Grunnlaget for måten myndigheitene forvaltar sjukdomen på no er rapportar frå USA og Canada. Eg tenkjer så enkelt som at det kan vera veldig dumt å slakte ned den flokken som har fått påvist smittestoff. Så lenge ein har relativt god kontroll på flokken er det truleg veldig låg risiko for overføring av smitte til andre dyreartar. Dessutan går reinen på snø kring åtte-ni månader i året. Nysnø dekkjer over smittestoff som eventuelt finst på bakken. Smittepresset i vintermånadene er truleg veldig lågt. Reinen går over store område, og såleis trur eg ikkje smitte gjennom miljøet er eit problem. At dyr på beite betyr låg smitterisiko vart eit prinsipp då me jobba med skrapesjuka. Dyr kunne sendast på beite, men me aksepterte ikkje blanding på tvers av fylkesgrenser, seier Gjengedal.

– Me har knapt to års erfaring med skrantesjuke i Norge. Eg meiner me bør ta oss råd til å byggje opp ein kunnskapsbase om sjukdomen. Det får me ikkje ved å utradere stamma i Nordfjella no, legg han til.

Sjuk eller smitta?

Vidare set han spørsmålsteikn ved kor mykje kunnskap norske forskarar har om utvikling av CWD hjå dyr der ein finn CWD-prion i lymfekjertel, men ikkje i hjernevev. Då lokale og nasjonale veterinærar jobba med skrapesjuka på sau var påvising av smitte i hjernevev eit krav for å sette diagnosen. Ifølgje Veterinærinstituttet gjeld det same kravet for å diagnostisere skrantesjuke hjå villrein. Fram til no har jegerar i Nordfjella levert inn hovud slik at representantar frå Mattilsynet kan ta ut både hjerne- og lymfeprøver. På Hardangervidda har derimot jegerane stått for prøvetakinga sjølv. Det har heller ikkje vore fokusert på å levere lymfeprøver frå Hardangervidda, på same måte som i Nordfjella. Gjengedal peikar på avskjerming av saltstein og bruk av sperregjerde som store, men svært positive tiltak.

– Om ein klarar å hindre samanblanding mellom tam- og villrein og samstundes held Nordfjella-reinen der den skal vera, står ein att med smittestatus innanfor villreinstamma som høgste risiko, meiner han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjengedal meiner det er uheldig at ein nyttar ulike prøvemetodar i ulike område.

– Eg reagerer på at forskarane omtalar dei så langt to CWD-positive dyra frå årets jakt som sjuke. Per definisjon er dei ikkje sjuke, dei har berre fått påvist smittestoff i lymfekjertel. Me har vorte vane med å handtere sjukdom som om at eit sjukt dyr representerer større smitterisiko enn eit som «berre» har smittestoffet i kroppen. Slik skrantesjuka vert handtert no, så verkar det som ein kamp for å utrydde smittestoff. Det har menneske aldri klart. Me kontrollerer sjukdomar med medisinering og andre tiltak, men smittestoffet i seg sjølv blir ikkje borte. Eg trur heller ikkje at dette smittestoffet vil forsvinne dersom me utryddar Nordfjella-reinen.

Ulik praksis gjev ikkje meining

Veterinæren meiner det er reint praktiske og særleg økonomiske årsaker til ulik praksis for prøvetaking i dei to områda.

– Det kostar mykje å sende representantar frå Mattilsynet ut på prøvetaking. Me hadde store budsjett for prøvetaking på både storfe og sau. Viss påvising av smittestoff i lymfekjertel no skal tilleggjast så stor vekt at det er nok til eit vedtak om å fjerne villreinen, då bør me i alle fall bruke tilsvarande middel for å undersøke reinen på vidda og anna naborein etter same kriterium. Elles gjev det ikkje respekt ein gong, seier Gjengedal.

Lokal støtte er livsviktig

Han trur heller ikkje det er praktisk mogleg å la Nordfjella stå tomt for rein etter at stamma i sone 1 er ute.

– Truleg vil til dømes rein frå Hardangervidda trekkje inn i Nordfjella av seg sjølv. I så fall kan dei kanskje jagast tilbake, men likevel ... Eg kan ikkje førestille meg at eit område som er så ynda for rein kan haldast tomt.

– Har sentrale ekspertar fått for mykje å seie i denne saka, og har Nordfjella blitt ein leikeplass for forskarar?

– Det vil eg ikkje seie noko om. Men viss ein ser på samfunnet generelt, så kan ein nesten trekkje ein parallell mellom handteringa av CWD og behovet for kommunesamanslåing. Det blir styrt ovanifrå, og det fell ikkje i god jord lokalt. Planen om å ta ut Nordfjella-reinen på eitt år er heilt opplagt styrt ovanifrå, og det er ikkje i samsvar med det folk i både Aurland, Lærdal og Hallingdal meiner. Då trur eg heller ikkje det vil bli nokon suksess. Å drive forvaltning som dette utan full oppbakking frå lokalt hald er nær dømd til å mislykkast, seier Gjengedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Prionsjukdom som har vore kjend på hjortedyr i Nord-Amerika i fleire tiår

* Påvist for fyrste gong i Norge og Europa på ei villreinsimle i Nordfjella i 2016 

* Smittestoffet er muterte protein, kalla prion

* Kan smitte både direkte mellom dyr og indirekte gjennom miljø

* Førebels påvist på seks villrein (klassisk type) i Nordfjella og to elgar (ny type) i Selbu

* Mars 2017: Landbruks- og matminister Jon Georg Dale ber Mattilsynet om å førebu nedslakting av villreinstammen, kring 2.200 dyr, i Nordfjella

* Juni 2017: Mattilsynet og Miljødirektoratet offentleggjer sin plan for uttak av stammen med tre metodar, auka jakt, statleg felling og inndriving i kve