Innsatsleiar Tom Richard Jansen leiar leiteaksjonen.
Innsatsleiar Tom Richard Jansen leiar leiteaksjonen.

Sakna i fjellet - funnen i god behald

Det vart torsdag kveld sett i gang ein stor leiteaksjon i Nesfjellet. Fredag morgon vart mannen funnen i god behald.

Det vart i heile natt til fredag leita etter ein 77 år gammal mann som gjekk seg vill under sauesanking torsdag.

– Han er godt kledd og me har hatt kontakt med han, opplyste innsatsleiar i politiet, Tom Richard Jansen seint torsdag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han leia aksjonen frå Røde Kors-huset i Nesbyen. Store mannskap vart mobilisert torsdag kveld. Mannskap frå Røde Kors Hjelpekorps frå fleire korps i Hallingdal var ute i terrenget og leita saman med ekvipasjar frå Norske Redningshunder. Det vart leita i eit område i Nes Nordmark på grensa mellom Nes og Ål.

Fredag morgon klokka 06.50 vart mannen funnen av eit Seaking-helikopter. Ifølgje politiet var mannen oppegåande og i fin form, men noko kald.