Ståle Sørensen og Miljøpartiet De Grønne (MDG) kjempar for utjamningsmandatet i Buskerud. – Hamnar me over sperregrensa, er sjansen stor, meiner Sørensen.
Ståle Sørensen og Miljøpartiet De Grønne (MDG) kjempar for utjamningsmandatet i Buskerud. – Hamnar me over sperregrensa, er sjansen stor, meiner Sørensen.

Sak nummer éin er: klima

Kan Miljøpartiet De Grønne (MDG) ta utjamningsmandatet i Buskerud?

Men det er utan eit stort valkampapparat i ryggen.

– Det meste er frivillig verksemd. Me er mange entusiastar som brenn for det me trur på. Ingen er yrkespolitikarar. Dette er ei grasrotrørsle, seier Sørensen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klima

– Kvifor skal veljarane i Hallingdal og Nore og Uvdal stemme MDG?

– Fordi her lever ein av naturressursane. Det er hjørnesteinane i bygda som me ønskjer å ta vare på. Me vil satse på landbruk, på små og mellomstore bruk, på berekraftig skogbruk og økoturisme. Me må gjere noko med klimaendringane, som også vil endre føresetnadene for turisme og jordbruk. Snøgrensa vil krype oppover, det vil bli meir ustabilt vêr. Me må bremse dette. Me vil også jobbe mot Viken-regionen.

– Kva ser du som den største utfordringa for distriktet dei neste åra?

– Sentralisering med større og større bruk. Klima har eg nemnt, men nemner det igjen. Ein må også sørge for at folk ønskjer å bu her. Då må ein ha eit interessant arbeidsliv, og det krev styring frå nasjonalt hold. Me har eit ønske om levande bygder.

Nei til E16

– Kvifor seier MDG nei til kombinert E16 og Ringeriksbane?

– Fordi me heller vil bruke pengar på vegar i distrikta. E16 vil øydeleggje kundegrunnlaget for jernbanen og dermed undergrave klimaforpliktelsane og ambisjonen om å få trafikk over frå veg til bane. I staden for å satse på store motorvegar inn mot byane, vil me bruke pengar på vegar i distriktet.

– Arbeidet med å greie ut E16 og Ringeriksbanen er i gang. Vil de stoppe dette arbeidet?

– Nei, me vil splitte prosjektet og sørge for at jernbanen blir bygd. Me ønskjer ikkje ein firefelts motorveg. Rekninga blir lågare, og eg trur det ligg mange fallgruver her ved å bygge veg ved sida av jernbanen. Vår strategi er like bra for å få fortgang i prosjektet. Traseen går også gjennom eit internasjonalt anerkjend våtmarksområde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skeptisk til hyttebygging

Sørensen kallar dette eit «ideologisk vegval».

MDG vil kompensere trafikkauken i byane med kollektivtransport i staden for å bygge ny E16 og E18. For vegane i distrikta skal pengane brukast på vedlikehald.

– Er Vegpakke Hallingdal, med utviding av vegen og standardheving av Rv7 frå Ørgenvika til Gol som Hallingdal kjempar for, i kategorien vedlikehald?

– I utgangspunktet er me ikkje imot dette. Det handlar vel ikkje om ein firefelts motorveg. Her skal ein bruke eksisterande vegar og utbetre dei. Det gjer vegen meir sikker, og slike typar vegar er eit eksempel på prosjekt me meiner er fornuftig.

Fornuftig er derimot ikkje mykje av hyttebygginga i Hallingdal og Nore og Uvdal, meiner Sørensen.

– Tida for dei store utbyggingane bør vere over.

– Du får kanskje ikkje mykje gehør for det her. Planar ligg føre om fleire tusen hytter dei komande åra?

– Nei, det kan du seie. Eg meiner ein må tene meir pengar på dei som alt er her. Då er opplevingar løysinga. Og fortettinga må skje innan etablerte felt. Næringa må omstille seg, for dette er ikkje berekraftig. Ein eller annan stad har ein øydelagd ein del verdiar og forringa naturopplevingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utjamningsmandat?

Han har merka seg dei vedtekne planane om utbygginga i Turufjell i Flå.

– Eg ønskjer å arbeide mot hytteutbygginga i Flå. Eg vil dra den saka til Stortinget dersom det er mogleg, seier Sørensen.

Så då er spørsmålet: Kjem han inn?

– Hadde du spurt for eitt år sidan, ville svaret vore nei. Men slik utviklinga har vore etter sommarferien, er eg ein av kandidatane som kan ta utjamningsmandatet. Hamnar me over sperregrensa, er sjansen stor. Iallfall ikkje mindre enn for Venstre og SV. Etter sommarferien er det Frp eller MDG det har stått om.

44 år frå Drammen (er også halv åling)

Yrke: Biletkunstnar og skulptør

Hobby: Fiske. I det siste har det vore hyttebygging 

Politisk førebilete: Min bestefars generasjon