Rv7 i Ål var stengt i fleire timar etter ulykka.
Rv7 i Ål var stengt i fleire timar etter ulykka.

Rv7 open att etter ulykke

Fyrst i 18-tida kunne Rv7 forbi Satakroken i Ål opnast att etter møteulykka torsdag føremiddag.

Rv7 var stengt i Ål frå føremiddagen torsdag og fram til klokka 18. Årsaka var ei møteulykke ved Satakroken.

Ei kvinne i 70-åra vart livstrugande skadd i ulykka. Ho var åleine i bilen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I den andre bilen var det også berre ein person. Vedkommande vart sendt til Ringerike sjukehus. 

Ullevål universitetssjukehus opplyste torsdag ettermiddag at tilstanden til kvinna var kritisk og uavklart.