Flaumen er på retur i Nesbyen. Biletet er frå parkeringsplassen utanfor Coop-butikken i morgontimane i dag. Her var det uråd å kome til i går.
Flaumen er på retur i Nesbyen. Biletet er frå parkeringsplassen utanfor Coop-butikken i morgontimane i dag. Her var det uråd å kome til i går.

Rv7 er opna for fri ferdsel - men Krøderen stig

Flaumtoppen i Hallingdalsvassdraget ser ut til å vere nådd. Riksveg 7 ved Nesbyen er no opna for fri ferdsel.

Rv7 vart stengt i går føremiddag etter at Hallingdalselva fløymde over vegen ved avkøyringa til Nesbyen sentrum. All trafikk vart omdirigert via Fv 213 på austsida i Nes – Nes stasjon til Svenkerud.

Også marknadsplassen og store deler av Nes-flata vart lagt under vatn. Det same vart Liodden camping kor flaumen øydela alle campinghyttene. Også brua over til Liodden vart stengt. Utpå dagen i går heva Norges vassdrags- og energidirektorat, NVE, farenivået i Hallingdalsvassdraget til raudt.

Artikkelen held fram under annonsen.

På retur

Men Hallingdalselva er no på retur. Flaumtoppen ser ut til å vere nådd – i denne omgang. Vasstanden forbi Nesbyen er no nesten halvmeteren under toppnivået i går.

Mannskap frå Vegvesenet har i morgontimane jobba på spreng med å rydde og klargjera Rv7. Vegen er no opna for fri ferdsel. 

Opprydding

Samstundes har oppryddingsarbeida i Nesbyen starta, men marknadsplassen ligg framleis under vatn. Situasjonen ved Liodden camping er langt mindre dramatisk enn i går. Det er likevel snakk om omfattande skader ved campingplassen. 

Tiårsflaum

Sjølv om flaumen er på retur i øvre deler av Hallingdal, aukar vasstanden i Krøderen. Dei siste målingane i morgontimane laurdag syner at Krøderen har passert grensa for tiårsflaum.