Henrik Fagerli Rukke.
Henrik Fagerli Rukke.

Rukke og Bøkko følgde opp

Henrik Fagerli Rukke tok sjetteplassen i B-gruppa 1000 meter i Heerenveen sundag. Hege Bøkko vart nummer 13.

Begge følgde opp plasseringane sine frå laurdag. Då sikra Rukke seg 4.-plass på 500 meter, medan Hege Bøkko vart nummer 14 i A-gruppa

På sundagens 1000 meter gjekk Henrik Fagerli Rukke inn til 6.-plass med tida 1.10.26. Det var 1.59 bak vinnaren Masaya Yamada frå Japan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hege Bøkko gjekk på 1.15.87 som heldt til ein 13.-plass. Raskast var amerikanske Brittany Bowe med 1.13.25.

Dei norske løparane gjorde det elles bra på 3000 meter. Der kom Ida Njåtun på 4.-plass, medan Ragne Wiklund kom på plassen etter.

Håvard Bøkko gjekk 5000 meter på 6.20.81. Det gav han ein 12.-plass.