Turen fekk ein brå slutt for Lørenskog-elevane som skulle sova i snøholer.
Turen fekk ein brå slutt for Lørenskog-elevane som skulle sova i snøholer.

Rektor: - Var godt førebudd

Det var nokre hektiske timar onsdag morgon på Lørenskog videregående skole.

– Me informerte tilsette ved skulen, elevane og foreldra. Kommunens kriseteam vart også kontakta, seier rektor Atle Solberg Berland ved Lørenskog videregående skole.

På ekskursjon

Det var 53 tredjeklassingar på idrettslinja og fire lærarar som var på ekskursjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei skal etter læreplanen ha ein snøholetur i året. Elevane hadde erfarne lærarar med seg, og dei var godt førebudd i møte med fjellet, seier Berland.

– Turen var planlagt i lang tid. Lærarane hadde på førehand vore i området. Vêret såg også ut til å vere greitt. Det var onsdag morgon, men vêret skulle bli dårlegare.

– Kva gjer skulen når elevane kjem heim?

Turen fekk ein brå slutt for Lørenskog-elevane som skulle sova i snøholer.
Turen fekk ein brå slutt for Lørenskog-elevane som skulle sova i snøholer.

– Me har eit opplegg for å ta imot dei, Når dei kjem, vil også helsepersonell vere til stades sjølv om ingen er fysisk skadd.

- All honnør

– Kva har lærarane rapportert om evakueringa i fjellet?

– Dei er veldig fornøgd med berginga. All honnør til dei som deltok.

– Blir det fleire fjellturar?

– Me har vore i området ved Bergsjøstølen før, og me kjem tilbake, seier Atle Solberg Berland.