Den ordinære jakta er over, og no tek den organiserte nedskyting av villreinstamma i Nordfjella til. 1. mai skal den såkalla sone 1 vera tom for rein.
Den ordinære jakta er over, og no tek den organiserte nedskyting av villreinstamma i Nordfjella til. 1. mai skal den såkalla sone 1 vera tom for rein.

- Reinen er stressa og skremd

NINA-forskarar slår alarm om dårleg dyrevelferd i Nordfjella. Det avviser Mattilsynet, og i dag er jegerar og helikopter på plass for å sanere villreinstamma.

I slutten av oktober fekk Mattilsynet bekymringsmelding om dårleg dyrevelferd hjå villreinen i Nordfjella. E-posten varsla om stressa dyr, og var underteikna Bjørnar Ytrehus og Olav Strand, båe forskarar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA).

Dårlege beiteforhold

Ifylgje Strand og Ytrehus går Nordfjella-reinen mot slutten av og etter jakta i store flokkar i høgtliggjande fjellområde. Her er det ofte dårlege beiteforhold. I e-posten vart dette dokumentert med fleire bilete frå dei siste tre åra. Bileta syner også at dyra har rørt seg vesentleg meir i år enn i same periode i fjor. Mens dei i åra 2007-2016 i oktober la bak seg ein distanse i dagslys på i snitt 1500–2000 meter, var det same talet i oktober 2017 drygt 5700 meter.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Data frå GPS-sendarane kan tolkast til at dyra er meir skremde og stressa enn tidlegare år. Det kan vera naturleg å rekne med at dette har samanheng med at jaktperioden er utvida i tid og jaktinnsatsen utvida i omfang på grunn av den pågåande saneringsprosessen, skriv Ytrehus og Strand i ein e-post til Mattilsynet.

Meiner villreinen treng ro

Når reinen går i dårlege beiteområde, er i meir aktivitet og dermed blir meir stressa, kan det føre til at dyra får dårleg kondisjon. Dette vil i sin tur gjere dei dårleg rusta til den komande vinteren. Ytrehus og Strand har fått stadfesta observasjonane sine av lokale kontaktpersonar. 

– Me er uroa for at meir jakt no vil tvinge reinen til å halde seg i høgda, jage dyra på flukt og føre til eit høgt stressnivå. Om dette skjer, er me redde for at dyra vil vera i så dårleg kondisjon før vinteren, at det kan føre til at dei svelt og ikkje er like godt rusta til å meistre vinterforholda på ein god måte. Dette vil auke stressnivået ytterlegare. Dette tenkjer me er dyrevelferdsmessig tvilsamt, skriv dei to forskarane.

Bjørnar Ytrehus, NINA.
Bjørnar Ytrehus, NINA.
Olav Strand, forskar ved NINA.
Olav Strand, forskar ved NINA.

Ytrehus og Strand ber om at Mattilsynet vurderer tiltak som gjer at Nordfjella-reinen får meir ro og kan nytte beiteområda på vanleg måte utover seinhausten og forvinteren. Dei ber altså Mattilsynet om å utsetje oppstart av statleg felling. Hallingdølen har også fått tilgang til ein rapport frå ein oppsynsmann i Nordfjella, basert på over 40 arbeidsdagar i fjellet under årets reinsjakt. Denne rapporten stadfestar i stor grad opplysningane frå Ytrehus og Strand.   

Veg ikkje tungt nok

3. november sende Torunn Knævelsrud, seksjonssjef for dyrevelferd i Mattilsynet, ut eit svar på bekymringsmeldinga frå Strand og Ytrehus. Ho konkluderer med at det statlege uttaket skal starte som planlagt i dag, 7. november.

– Det å ta ut bestanden raskt veg tungt i denne bekjempelsessituasjonen. Me vurderer at dei bekymringane som er melde inn ikkje veg tungt nok til å justere det statlege uttaket no, skriv Knævelsrud.

Mattilsynet legg mellom anna til grunn ein rapport frå Statens naturoppsyn (SNO). Rapporten er underteikna Petter Braaten, seniorrådgjevar og operativ leiar for det statlege fellingslaget.