Dagleg leiar i Geilo Holding, Andreas Smith-Erichsen (t.v.), Ole K. Kristiansen og sals- og marknadsansvarleg Unni Forselv Moen har stor tru på alpinsatsinga. Her står dei på toppstasjonen til gamle Geilo Taubane.

Realiserer draumen om gondol - kostnad 100 mill.

Gjennom tiår har det vore planar om gondolbane på Geilo. No kan dei endeleg bli realiserte.

På toppen av Geilohovda med fantastisk utsikt over Geilo og med Hallingskarvet i ryggen, slepper dagleg leiar i Geilo Holding, Andreas Smith-Erichsen, nyheita:

– I eit treårsperspektiv vil me bygge ein gondol frå jernbanestasjonen til Geilohovda. Den kan etter kvart forlengast ned i Havsdalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

100 millionar

Saman med sals- og marknadsansvarleg Unni Forselv Moen og Ole K. Kristiansen betraktar han utsikta onsdag føremiddag.

Her ser dei alpinanlegga i Vestlia, og her ser dei jernbanestasjonen og sentrum. Ein gondolbane vil knytte heile Geilo endå tettare saman og gi grobotn for ytterlegare vekst.

– Banen vil integrere sentrum i alpinproduktet. Det finst det knapt maken til, seier Smith-Erichsen.

Innan få år kan det blir heisdrift att til Geilohovda frå sentrum. – Målet er å starte innan tre år, seier dagleg leiar i Geilo Holding, Andreas Smith-Erichsen (t.h), Ole K. Kristiansen og sals- og marknads- ansvarleg Unni Forselv Moen.

Dagleg leiar i Geilo Holding, Andreas Smith-Erichsen (i midten), Ole K. Kristiansen og sals- og marknadsansvarleg Unni Forselv Moen har stor tru på alpinsatsinga. Her står dei på toppstasjonen til gamle Geilo Taubane.

I desember opnar den nye restauranten i toppstasjonen til den gamle taubanen. Dagleg leiar i Geilo Holding, Andreas Smith-Erichsen, betraktar utsikta.
I desember opnar den nye restauranten i toppstasjonen til den gamle taubanen. Dagleg leiar i Geilo Holding, Andreas Smith-Erichsen, betraktar utsikta.
Toppstasjonen til den gamle taubanen er klassisk Geilo. Frå 1954 til 2011 frakta taubanen 40 millionar passasjerar. No kan det bli nye med den planlagde gondolbanen.
Toppstasjonen til den gamle taubanen er klassisk Geilo. Frå 1954 til 2011 frakta taubanen 40 millionar passasjerar. No kan det bli nye med den planlagde gondolbanen.

Sidan nyttår har det vorte arbeidd på høggir med planane saman med selskapet Mountainworks, som mellom anna har vore med å bygge opp Beaver Creek og Vail i USA.

– Dette er ei utbygging til 100 millionar kroner, seier Smith-Erichsen, og veit at nyheita fører med seg eit press og forventning om at gondolbanen blir bygd.

Ny historie

Geilo Holding, som er eigd av Arne Pålgardhaugen og Ivar Tollefsen, kjøpte Geilo Skisenter i mars i fjor.

Sidan har det vorte investert vesentlege beløp i oppussing og på utvikling av alpinproduktet. I fjor haust og i vinter vart botnstasjonen i den gamle taubanen riven. Den hadde ligge brakk sidan 2011, og med rivinga av botnstasjonen forsvann mykje gamal historie. For det var her Geilo Taubane vart offisielt opna 20. juni 1954. Heistraseen frå nærmast midt i sentrum til Geilohovda er klassisk Geilo. Og som tidlegare turistsjef Ulf Kløve skreiv i jubileumsboka til taubanen: Historia til Geilo Taubane er på mange måtar historia om turismens utvikling på Geilo. No kan den planlagde gondolbanen bli historia om turismens vidareutvikling på Geilo.

Alpindestinasjon

For Smith-Erichsen er ikkje i tvil om at potensialet er stort.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er destinasjonen med det største potensialet i landet. Og viss Geilo vil, kjem me dit me vil, seier han sikkert.

Gondolbanen vil føre gjestene til sentrum og dei næringsdrivande samstundes som sentrum forsterkar alpinproduktet. Ved botnstasjonen der den gamle taubanen låg skal det leggast til rette for service, servering og butikkar.

– Alt heng saman, seier Smith-Erichsen, og er overtydd om at Geilo kan ta ein leiande posisjon.

– Ingen skal fortelje meg at Geilo ikkje kan blir ein stor alpindestinasjon. Hjå Skistar i Lindvallen i Sälen er det høgdeskilnad på 290 meter. Det er mindre enn me har. Og målt i prosent har me fleire stolheisar enn Sälen og Trysil.

Må bygge bru

Men det er éin føresetnad som må på plass for at gondolbanen skal bli bygd:

Brua på Geilo stasjon som skal sikre planfri kryssing mellom spor 1 og 2. Brua er siste steg i ei mangeårig utbygging av stasjonsområdet, og Hol kommune arbeider no hardt for å få på plass 20–25 millionar. Problemet er at prosjektet har drukna etter omorganiseringa av det gamle Jernbaneverket til Bane Nor og Jernbanedirektoratet. Kven som sit med ansvaret og løysinga, er usikkert. Forrige veke var representantar frå Hol kommune i møte med Samferdselsdepartementet.

– Det har vorte arbeidd godt av Hol kommune. Den planlagde brua på Geilo stasjon er ein føresetnad for oss. Me har signalisert at me vil vere ein part for å realisere brua så raskt som mogleg, seier Smith-Erichsen.

Må utvikle attraksjonskraft

Geilo Holding har brukt mykje tid på å meisle ut vegen vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den alpine satsinga og utvikling av destinasjonen er viktig. Me må utvikle attraksjonskraft, seier Andreas Smith-Erichsen.

Og før gondolplanane kan realiserast, er planane for 2018 klare:

n På taubanens gamle toppstasjon opnar ein ny restaurant i desember. Her har det ikkje vore drift sidan 2011.

n Modernisering av skiutleige og serveringsstader i Hallsteinsgård og i Vestlia.

– Dette er betydelege investeringar, seier Smith-Erichsen.

Det er også planar om nye nedfartar.

– Me har planar om å bygge enklare nedfartar mot sentrum. Det håpar me å starte med i sommar, men iallfall sommaren 2019, seier Smith-Erichsen etter ein god 2018-sesong.

– Omsetninga går i rett retning med ein fin auke. Det var fleire på alpinski på Geilo i år enn på mange år.