Vetle Sjåstad Christiansen på ståandeskyting i Oberhof.
Vetle Sjåstad Christiansen på ståandeskyting i Oberhof.

Rask i sporet - fomling på standplass

Vetle Sjåstad Christiansen sleit på standplass, men gjekk alt i alt ein god stafettetappe i Oberhof sundag.

Geilo-løparen gjekk fyrste etappe på skiskyttarstafetten. Johannes og Tarjei Bø stod over stafetten, og dermed fekk fleire norske løparar prøve seg. På førehand var det stor spenning til dei fire fordi alle kjempar om å få VM-stafetten seinare på sesongen.

I teten

Vetle Sjåstad Christiansen gjekk fyrste etappe, og opna sterkt. Han var i teten i sporet, og skaut også godt på fyrste skyting. Fullt hus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter andre runde kom han inn til standplass likt med Tyskland.

Men her vart det trøbbel for Christiansen. Han fekk to bom. Men ikkje nok med det; han sleit med ladinga og brukte unødvendig mykje tid på ekstraskota. Men til slutt fekk han ned alle blinkane.

Han gjekk ut på siste runden som nummer seks, 20 sekund bak Tyskland.

Ved veksling var Christiansen 15 sekund bak teten, på 5.-plass.

– Forventar meir

Vetle Sjåstad Christiansen har gått fyrste etappe også i tidlegare verdscup-stafettar i år. Han gjekk bra også denne gongen, men skytekommentator Ola Lunde var ikkje imponert over det han såg på ståandeskytinga til Christiansen.

– Me forventar meir av Vetle på ståande i ein stafett. Og han fomla med ekstraskota. Det er eg mest skuffa over, sa Lunde.

Hang med

Likevel hang Norge brukbart med i stafetten. Men heller ikkje dei andre tre løparane skaut feilfritt.

Lars Helge Birkeland måtte bruke ekstraskot på andre etappe, men slapp unna strafferundar. Erlend Bjøntegaard derimot måtte ut i strafferunde på sin etappe, og det same måtte Henrik L’Abée-Lund på sisteetappen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Norge enda til slutt på 7.-plass. Russland vann framfor Frankrike og Austerrike. Deretter følgde Tsjekkia, Sverige og Italia.

Ikkje fornøgd

Ola Lunde var ikkje fornøgd med Norges innsats:

– Eg er ikkje fornøgd med det dei norske gjer på standplass, sa Lunde som meinte at Erlend Bjøntegaard og Henrik L’Abée-Lund ikkje styrka sitt kandidatur til VM-plass.