Ein mann i 40-åra er skadd i ei arbeidsulukke ved Bergsjø høyfjellsleiligheter.
Ein mann i 40-åra er skadd i ei arbeidsulukke ved Bergsjø høyfjellsleiligheter.

Ramla ut av trucken

Tysdag ettermiddag vart ein mann skadd i ei arbeidsulukke ved Bergsjø i Ål.

Mannen dreiv med utbygging og renovering Bergsjø høyfjellsleiligheter.Tysdag twitra politiet at mannen sat fastklemt under ein gaffeltruck. Dei første meldingane var ikkje riktig.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han var ikkje fastklemt, seier politikontakt i Hallingdal, Jan Koldal.

– Forløpet var at han køyrde truck og trucken kom borti ein vegg. Det resulterte i at mannen fall ut av trucken og vart skadd i ei hofte, seier han.

Den skadde vart frakta til Ringerike sjukehus i ambulanse. Politiet har oppretta sak og vil ta avhøyr av vitne før dei konkluderer om årsaka.

– Det er ikkje mistanke om promille, men det er rutinemessig tatt blodprøve av sjåføren. Også arbeidstilsynet er kopla inn, seier Koldal. Den skadde er ein mann i slutten av 40-åra busett i Gol.