Regjeringa foreslår å kutte 45 millionar i finansieringa til folkehøgskulane. Elevar frå Hallingdal folkehøgskule var tysdag i Oslo for å demonstrere mot kuttforslaget.
Regjeringa foreslår å kutte 45 millionar i finansieringa til folkehøgskulane. Elevar frå Hallingdal folkehøgskule var tysdag i Oslo for å demonstrere mot kuttforslaget.

Protesterte mot pengekutt til folkehøgskulane

4000 folkehøgskuleelevar demonstrerte mot regjeringa sine kuttforslag.

Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2018 betyr kutt på 45 millionar for folkehøgskulane. Tysdag møtte fleire tusen noverande og tidlegare folkehøgskoleelevar opp framfor Stortinget for å vise sin misnøye. Ifølgje Folkehøgskolerådet deltok kring 4000 i demonstrasjonen.

Eit handslag for framtida

Kuttet vil ikkje ramme årets elevkull, dei protesterte på vegner av framtidige elevar. Hallingdal folkehøgskule var ein av skulane som mobiliserte. Kring 90 elevar pluss lærarar og andre tilsette hadde tatt buss til Oslo for å ta del i demonstrasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var god stemning og ein fin atmosfære. Elevane følte at dei fekk bidra til å få fram eit viktig bodskap, seier rektor Gisle Skoglund.

Fullt internat på Skaga

I haust starta fleire enn 7700 elevar på ein av landets 80 folkehøgskular. Det er tredje år på rad at skuleslaget toppar tidlegare rekordar i elevtal. Også Hallingdal folkehøgskule har i år fleire elevar enn på mange år.

– Det viser at det er ein etterspørsel etter det tilbodet me kan gje. Det har vore ein auke på kring 40 prosent både i søkjartal og elevtal hjå oss. Det betyr at me har kring 30 fleire elevar enn i fjor. I år har me fullt internat, seier Skoglund.

Rektor Gisle Skoglund var ein av dei som møtte opp for å protestere mot regjeringa sitt budsjettforslag framfor Stortinget.
Rektor Gisle Skoglund var ein av dei som møtte opp for å protestere mot regjeringa sitt budsjettforslag framfor Stortinget.
Kring 4000 møtte opp framfor Stortinget for å protestere mot regjeringa sine kuttforslag i folkehøgskulen.
Kring 4000 møtte opp framfor Stortinget for å protestere mot regjeringa sine kuttforslag i folkehøgskulen.
Regjeringa foreslår å kutte 45 millionar i finansieringa til folkehøgskulane. Elevar frå Hallingdal folkehøgskule var tysdag i Oslo for å demonstrere mot kuttforslaget.
Regjeringa foreslår å kutte 45 millionar i finansieringa til folkehøgskulane. Elevar frå Hallingdal folkehøgskule var tysdag i Oslo for å demonstrere mot kuttforslaget.

– Usolidariske kutt

– Me er svært skuffa over forslaget frå regjeringa. Kuttet vil få store konsekvensar for enkeltskular og elevar, og rammar usolidarisk i ei tid der folkehøgskulane har rekordmange elevar, seier Odd Arild Netland, dagleg leiar i Folkehøgskolerådet i ei pressemelding.

– I lys av fråfallsproblematikken, både i den vidaregåande skulen og i høgare utdanning generelt, er signala frå regjeringa alarmerande, seier han. Dette er tredje gang på fire år at Høgre- og Frp-regjeringa foreslår å kutte i støtta til folkehøgskulane. Både i 2014 og 2015 vart kuttet nulla ut av eit solid fleirtal på Stortinget. Også i år ligg det an til at finansieringa kan bli redda av opposisjonen.

- Ikkje ordinære kutt

Høgres generalsekretær John-Ragnar Aarset presiserer overfor Hallingdølen at kuttet på 25 millionar kroner handlar om kortkursa ved folkehøgskulane, ikkje ordinær drift. Vidare at kuttet i studiefinansieringa på 11 millionar dreier seg om støtte til andreårselevar. Det blir ikkje foreslått kutt i studiefinansieringa for elevar som går eitt år på folkehøgskule, ifølgje Aarset.

- Kortkursa må ikkje blandast saman med dei ordinære årskursa som folkehøgskulane driv, seier Aarset.

Opposisjonen mobiliserte

Ein samla opposisjon møtte opputanfor Stortinget for å uttrykkje støtte til folkehøgskulane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Folkehøgskule er ikkje eit pauseår eller eit kvileår. Det er eit utviklingsår, sa Audun Lysbakken (SV) i sin appell.

– Skule handlar ikkje berre om å lære seg å lese, rekne eller slå opp på Google. Skule handlar om danning, om å bli heile menneske, og å skjøne kven du er saman med andre, sa Venstre-leiar Trine Skei Grande. – Me treng ikkje mindre folkehøgskule i Norge, me treng meir, sa Knut Arild Hareide (KrF).

– Positive signal

For Hallingdal folkehøgskule vil regjeringa sitt budsjettforslag bety eit kutt på vel 300.000.

– Det er ideelle organisasjonar som driv folkehøgskulane. Viss støtta blir redusert, kan det tvinge seg fram at me må auke sjølvfinansieringa for elevane. Det er ikkje ønskeleg. Me ønskjer at alle skal ha råd til eit år på folkehøgskule, uavhengig av økonomien til foreldra, seier rektor, Gisle Skoglund.

– Appellane frå opposisjonen gir grunn til optimisme. Men eg kjenner meg ikkje trygg før eg ser det endelege resultatet. Politikarane som heldt appell, ser verdien av folkehøgskulane. Dei gav uttrykk for at folkehøgskulane har vore viktig og at skuleslaget framleis vil vere viktig, også i framtida. Det er i alle fall eit positivt signal, seier han.