Politiet opplyser no at drapsvåpenet var ein kniv. Den sikta 25-åringen har vedgått at han truleg står bak drapet av kjærasten på hytta på Sørbølfjell 18. juli, men seier han ikkje hugsar noko av det.
Politiet opplyser no at drapsvåpenet var ein kniv. Den sikta 25-åringen har vedgått at han truleg står bak drapet av kjærasten på hytta på Sørbølfjell 18. juli, men seier han ikkje hugsar noko av det.

Politiet meiner han drap kjærasten med kniv

Den drapssikta 25-åringen frå Moss seier han ikkje hugsar at han drap kjærasten med kniv. Spørsmålet er om han var tilrekneleg.

Torsdag vart det gjennomført nye avhøyr av den 25 år gamle mannen som er sikta for drapet på kjærasten sin på ei hytte i Flå 18. juli. Politiet opplyser overfor Hallingdølen kva drapsvåpenet var:

– Det var ein kniv. Meir enn det vil me ikkje seie, opplyser Per Thomas Omholt, politiadvokat i Sør Øst politidistrikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den sikta sit fengsla ein stad på Austlandet. Sjølve avhøyret vart gjennomført på Høne­foss.

– Veit de meir om motivet for drapet?

– Sjølv held den sikta fast på at han ikkje hugsar. Me meiner me veit kvifor han drap henne og at våpenet var ein kniv. Det sentrale blir tilrekneleg-rapporten, seier Omholt.

Politiet held fram med å etterforske saka. Det betyr nye vitneavhøyr og undersøkingar kring elektroniske spor. Det er også planar om ein rekonstruksjon, utan at det er sett nokon dato for denne.

Det var 21 år gamle Alexandra Therese Nilssen frå Moss som vart funnen død på ei hytte på Sørbølfjell i Flå 18. juli. Kjærasten hennar var involvert i ei trafikkulykke på Rv7 same dag. På ulykkesstaden forklara han at kjærasten låg død på hytta. Kjærasten har erkjent at det truleg er han som står bak, men at han handla i ei form for psykose. Han hugsar ikkje sjølve drapshandlinga, men er sikta for drap og varetektsfengsla fram til 18. august, med brev-, besøks- og medieforbod.