Politiet har avslutta det operative søket etter Tom Rune Hagen (36), men ber folk melde frå dersom dei har opplysningar som kan føre til at han blir funnen.
Politiet har avslutta det operative søket etter Tom Rune Hagen (36), men ber folk melde frå dersom dei har opplysningar som kan føre til at han blir funnen.

Politiet har avslutta leiteaksjonen

Torsdag avslutta politiet den aktive leiteaksjonen etter den 36 år gamle mannen frå Nore og Uvdal som har vore sakna i fire veker.

Leiteaksjon etter den sakna Tom Rune Hagen (36) har vore utan resultat. Han har ikkje gitt lyd frå seg, og det er ingen som har sett eller høyrt frå han etter at han reiste på fisketur 20. juli.

Ein storstilt leiteaksjon vart sett i gang i førre veke. Både politiet og rundt 30 personar med hundar frå Røde Kors hjelpekorps i Nore og Uvdal og Kongsberg har deltatt i søket. Mannen har vore sporlaust borte i ein månad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Leiteaksjonen vart i starten konsentrert i områda Vestfjellet og Haugåsen og seinare utvida, men utan resultat.

– Det er leita på alle aktuelle stader der den sakna kan ha vore, men utan resultat. Torsdag avslutta politiet det operative søket. Men me er framleis svært interessert i opplysningar. Me oppfordrar alle som ferdast i fjellet, både jegerar og turfolk, om å melde frå dersom dei ser spor etter den sakna, seier seksjonsleiar for etterforsking i Hallingdal og Nore og Uvdal, Halvard Jervell.

Politiet har oppretta ein tipstelefon som publikum kan ringe til dersom dei har opplysningar som kan føre til at den sakna mannen blir funnen. Då kan dei ringe 02800 og be om å bli sett i kontakt med politiet i Søndre Buskerud.