I 07.30-tida tysdag morgon kolliderte ein personbil og ein lastebil like nord for Solseter på Fv51 på Golsfjellet.
I 07.30-tida tysdag morgon kolliderte ein personbil og ein lastebil like nord for Solseter på Fv51 på Golsfjellet.

Personbil mot lastebil

Ein person vart lettare skadd etter ei trafikkulukke ved Solseter på Golsfjellet.

I 07.30-tida tysdag morgon kolliderte ein personbil og ein lastebil like nord for Solseter på Fv51 på Golsfjellet.

– Det var ein person i kvart køyretøy. Den kvinnelege føraren av personbilen vart lettare skadd. Begge airbagane vart løyst ut av smellen. Føraren av lastebilen var uskadd, men sjølvsagt rysta av hendinga, opplyser operasjonssentralen i Sør-Øst politidistrikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kollisjonen skapte litt kø. Men klokka 08.45 melde patruljen at dei var ferdige på staden. Området var rydda og at begge bilførarane var avhøyrt.