Nordfjella og Selbu vert rekna som nasjonale kartleggingsområde for skrantesjuke. Derfor pålegg Miljødirektoratet jegerar i desse områda å ta prøver frå alle dyr som vert felt i jakt.
Nordfjella og Selbu vert rekna som nasjonale kartleggingsområde for skrantesjuke. Derfor pålegg Miljødirektoratet jegerar i desse områda å ta prøver frå alle dyr som vert felt i jakt.

Pålegg jegerar å ta CWD-prøver

Jegerar i Nordfjella-regionen vert pålagt å teste felte elg, hjort, villrein og rådyr for skrantesjuke (CWD).

Nordfjella og Selbu vert rekna som nasjonale kartleggingsområde for skrantesjuke. Derfor pålegg Miljødirektoratet jegerar i desse områda å ta prøver frå alle dyr som vert felt i jakt.

Skal ta hjerneprøver

Det kjem fram i eit brev frå Miljødirektoratet til kommunar og villreinnemnder i dei berørte områda. Kvart år vert det felt kring 100.000 hjortedyr i Norge. Hjerneprøver frå daude dyr er framleis den einaste måten ein kan påvise skrantesjuke på, såleis blir jaktsesongen ei viktig tid for kartlegging av sjukdomen. Mattilsynet og Miljødirektoratet har eit nasjonalt kartleggingsprogram for skrantesjuke som omfattar fallvilt av alle hjorteviltartar, hjortevilt felt under jakt, samt tamrein og oppdrettshjort.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prøvetaking knytt til jakt er førebels avgrensa til kommunar og villreinområde kring dei to plassane der skrantesjuka så langt er påvist, altså Nordfjella og Selbu. I villreinområda Nordfjella, Lærdal/Årdal, Hardangervidda og Vest-Jotunheimen skal all felt villrein over eitt år testast for skrantesjuke. I Nordfjella skal også kalv testast.

Ulik praksis

I dei fleste områda er det jegerane sjølv som må sørgje for uttak og innsending av prøver. Dei vil då få utlevert prøvetakingsutstyr og ferdigfrankerte konvoluttar for innsending til Veterinærinstituttet. I tillegg vil Mattilsynet halde kurs i prøvetaking etter avtale med lokal forvaltning.

I Nordfjella skal hovud leverast inn til ein oppsamlingsplass i regi av NINA. Etter å ha merka og registrert felte dyr på settogskutt.no, vil svaret på skrantesjukeprøva knytast automatisk til det aktuelle dyret og bli tilgjengeleg på hjorteviltregisteret.no.