Øystein Bråten var suveren i slopestyle-konkurransen i Østerrike.
Øystein Bråten var suveren i slopestyle-konkurransen i Østerrike.

Øystein Bråten suverent best i verdscuprenn

Øystein Bråten viser musklar i OL-sesongen.

I verdscuprennet i slopestyle i Stubai i Østerrike sundag var det ingen som kunne hamle opp med skikøyraren frå Torpo.

Bråten var best i begge omgangane, og vann framfor Evan McEachran frå Cananda. Bråten fekk poengsummen 91,40,  McEahcran 86,2.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette var veldig moro. Det var ganske krevjande forhold og bles ein del, men eg klarte å lande to run som det ikkje var så mange feil i. Eg stod ikkje for dei vanskelegaste triksa, men eg henta god fart og kom igjennom utan for mykje rusk, seier Bråten til NTB.

Han var strålande fornøgd med dagen.

- Ein har lyst til å gjera det bra, spesielt denne sesongen med OL-kvalifisering. Og det klarte eg i dag, seier Braaten. (NTB)

Øystein Bråten hadde høgast poengsum i begge omgangane.
Øystein Bråten hadde høgast poengsum i begge omgangane.