Episenteret for jordskjelvet tysdag kveld er på nordsida av Fv120 , omlag midtvegs langs Tunhovdfjorden.
Episenteret for jordskjelvet tysdag kveld er på nordsida av Fv120 , omlag midtvegs langs Tunhovdfjorden.

Over heile regionen merka ein jordskjelvet tysdag kveld

Tysdag kveld var det eit jordskjelv med episenter ved Tunhovdfjorden, mellom Langedrag og Rødberg. Skjelvet vart målt til 2,2 på Richters skala.

Jordskjelvet vart registrert ved alle seismologiske målestasjonar i Sør-Norge klokka 21.14 tysdag kveld.

Mellom Langedrag og Tunhovd

Det har kome ulike opplysningar frå målestasjonar om kvar episenteret for skjelvet var. Seismolog Berit Marie Storheim ved Jordskjelvsenteret i Bergen opplyser at skjelvet er lokalisert på 60.376 grader Nord og 8.911 grader Øst.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den posisjonen er om lag midt på Tunhovdfjorden, nokre kilometer søraust for Langedrag Naturpark, på nordsida av Fv120 mellom Nes og Rødberg.

– Det var eit lite jordskjelv, målt til 2,2 på Richters skala. Me har fått rapportar om jordskjelvet både frå folk som bur på Rødberg, Uvdal, Rukkedalen og Ål, opplyste Solheim til Hallingdølen onsdag føremiddag.

– Er det uvanleg med jordskjelv i dette området?

Langedrag Naturpark ligg berre nokre kilometer frå jordskjelvsenteret.
Langedrag Naturpark ligg berre nokre kilometer frå jordskjelvsenteret.

– Det er ikkje uvanleg at det går små skjelv. Dette vart registrert ved alle målstasjonane i Sør-Norge.

– Føltest som takras

Sjølv om jordskjelvet var relativt lite, vart det registrert mange stader i nærområdet, til og med så langt unna som Ål. Det er mange mil frå jordskjelvsenteret.

Jens Brodersen jobbar som administrativ leiar ved Langedrag Naturpark og bur i Rukkedalen, eit par mil unna. Han var på kjøkkenet heime då skjelvet gjekk.

– Eg merka godt skjelvet. Det føltest som eit kraftig takras. Eg fann fort ut at det ikkje kunne vera takras, for eg har måka taket. Me merka det også på TV-biletet, og at det var trykkfall på vatnet ei stund, seier Jens Brodersen.

Han har prata med arbeidskollegaer på Langedrag og folk i Tunhovd som på ulike vis merka jordskjelvet. Hundar reagerte på drønnet, og det klirra i glas og rista i golv og vegger.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var litt skremmande. Då det gjekk opp for meg at det ikkje kunne vera takras, tenkte eg på atomkrig, seier Jens Brodersen.