annonse

Over 200 mil med skiløyper

Bergsjøområdet
Bergsjøområdet: I Ål er dei fleste høgfjellsløypene køyrt opp til vinterferien. Her frå Bergsjøområdet med Reinestølane i bakgrunnen. (Foto: Sondre Eggestøl)
Fjellsettjønn
Fjellsettjønn: Både løypemaskin og løypekøyrar har tatt seg ein fotostopp ved Fjellsettjønn i Nore og Uvdal. (Foto: Terje Heggelien)
Sangefjell
Sangefjell: Trikkeskinner på Sangefjell. (Foto: Ståle Dalseide)
Gamle ski
Gamle ski: Det er ikkje utstyret det kjem an på. Svein Raste har funne fram gamleskia til dagens skitur. (Foto: Svein Raste)
Veslefjell
Veslefjell: Frå Veslefjell i Flå. (Foto: Olaf Elling Strømsodd)
Trondrudmarka
Trondrudmarka: Flotte forhold i Trondrudmarka i Nes. (Foto: Solveig Hjallen)
Golsfjellet
Golsfjellet: Strøkne løyper i Bualia på Golsfjellet. (Foto: Lars Slettemoen)
Golsfjellet
Golsfjellet: På Golsfjellet er det køyrt opp 140 km med skiløyper. (Foto: Lars Slettemoen)
Øygardsgrend
Øygardsgrend: Øygardsgrend løypelag vil i helga ha køyrt opp 37 kilometer med løyper. (Foto: Terje Heggelien)
Trondrudmarka
Trondrudmarka: I Trondrudmarka i Nes er det køyrt opp 200 kilometer med skiløyper. (Foto: Lars Storheim)
Øygardsgrend
Øygardsgrend: Flotte spor i Øygardsgrend. (Foto: Terje Heggelien)
Sangefjell
Sangefjell: Sangefjell mot Hallingskarvet. (Foto: Ståle Dalseide)
Dyna
Dyna: Slik såg det ut på Dyna i Ål før sola gjekk ned i vest sist onsdag. (Foto: Lars Storheim)
Øygardsgrend
Øygardsgrend: Flotte forhold i Øygardsgrend, Nore og Uvdal. (Foto: Terje Heggelien)
Dyna
Dyna: Flotte løyper ved Dyna på fjellet mellom Ål og Nes. (Foto: Lars Storheim)
Lauvåsen i Nore og Uvdal
Lauvåsen i Nore og Uvdal: Her blir det køyrt løyper kvar dag i jule- og nyttårshelga, dersom forholda tillet det. Det vil seie frå Lundemyra, og båe rundløypene oppe på Flotti. Ca. 15 km . (Foto: Privat)
Nes Sørmark
Nes Sørmark: Ideelle føreforhold i Nes Sørmark. (Foto: Lars Storheim)
Skurdalsåsen
Skurdalsåsen: Skurdalsåsen. Med Hallingskarvet i bakgrunnen. (Foto: Vilhelm Håvardsrud)
Bergsjøområdet
Bergsjøområdet : Bergsjøområdet og Leveldåsen i Ål har 56 km med oppkøyrde løyper. (Foto: Skarslia ski- og akesenter)

Denne helga går startskotet for vinterferien. Over 200 mil med oppkøyrde skiløyper ventar dei mange tusen skituristane i Hallingdal og Nore og Uvdal.

Bjarne Tormodsgard

Det er ikkje mange regionar som kan skilte med maken til løypenett. Korkje i kilometer eller turalternativ. 

I Nore og Uvdal nærmar ein seg 50 mil med oppkøyrde løyper. Tre kommunar er med i 400-kilometers klubben - Nore og Uvdal, Ål og Nes. I Hemsedal og Ål er også dei fleste høgfjellsløypene no oppkøyrd.  

Alle turistkontora melder om fantastiske forhold - eit vintereventyr me knapt har sett maken til. Så her er det berre eitt å gjere. Spenn på dykk skia og nyt eventyret.

Hol: 293 km

Geilo-Havsdalen-Budalen-Prestholt-Ustaoset: 57 km

Haugastøl: 16 km

Sudndalen-Myrland: 55 km

Holsåsen: 40 km

Kikut mot Skurdalen: 21 km

Dagali: 21 km

Geilo-området (skistadioen og Ustedalsfjorden) + Kikut: 45 km 

Kikut/Hakkeset - Tuva: 16 km

Ustaoset- Tuva - Haugastøl/Lægreid:  22km/20 km

Ål: 415 km

Sangefjell: 39 km

Veståsen: 54 km

Hallingdal Feriepark: 2 km

Strandafjorden: 7,5 km 

Øvre-Ålsåsen og Kvinnegardslia: 51 km

Bergsjøområdet/Leveldåsen: 128 km 

Liatoppen/Votndalsåsen: 49 km 

Torpoåsen: 73 km

Ål skisenter - Leveld:12 km

Hemsedal: 220 km

Gravset skiarena: 46 km

Helsingli/Storevatnet: 32,5 km

Dalløypa Ulsåk-Lio: 43 km

Grøndalen - Bulien:  23 km

Solløypa Tuv - sentrum: 6 km

Høyfjellsløypa Beihovdløypa/Hølleskaret: 9 km

Høyfjellsløypa Harahorn: 12 km

Systerskarløypa: 12 km

Hundsennvatnet: 16 km

Kjølen rundløype: 15 km

Lykkjastølane: 3,5 km

Gol: 320 km

Skagahøgdi: 10 km

Nystølsfjellet: 60 km

Søråsen: 80 km

Golsfjellet: 140 km     

Solseter: 30 km, 7 km med lysløype, skicrossbane 1 km

Nes: 430 km

Lysløypa i sentrum: 4,5 km

Trondrudmarka: 205 km

Nes Nordmark/Mykingområdet: 130 km

Buvasstølan: 40 km

Liemarka: 50 km

Flå: 123 km

Vassfarfjellet: 60 km

Høgevarde: 60 km

Lysløype: 3 km

Nore og Uvdal: 494 km 

Dagalifjell: 90 km

Tøddøla: 35 km

Lysløypa Uvdal: 2 km

Rødberg/Vikangrend/Smådøl: 35 km

Lauvåsen: 18 km

Borgegrend: 70 km

Tunhovd: 35 km

Øygardsgrend: 44 km

Langedrag: 6 km

Grevsgard Hallgrimsfjell: 40 km

Jønndøla: 18 km

Imingfjell: 53 km 

Åsbøseterdalen/Breiset: 43 km

Norefjord: 5 km