Ordførar Hallvor Lilleslett. (Arkivfoto)
Ordførar Hallvor Lilleslett. (Arkivfoto)

Ordføraren: – Dette er til å leve med

Prisen er ikkje avskrekkande, sjølv om skulen på Hallingmo blir dyrare enn venta.

Det meiner ordførar Hallvor Lilleslett. Han seier at tre uavhengige konsulentar har rekna på byggjekostnader for å kalkulere ein totalsum for skulebygget. Likevel ligg det an til at dei bomma.

– No er det byggjeaktivitet alle stader. Det gjer truleg noko med prisane. Utviklinga i marknaden greidde me ikkje å rekne inn i kalkylane, seier Lilleslett.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han meiner det er lite dramatikk i at pristilboda sprengjer både kostnadsramma og kalkylane. Signala frå prosjektleiaren er at det rimelegaste pristilbodet vil gje ein kostnadssprekk på kring 20 millionar kroner. I prosent utgjer det 8–9 prosent.

– Eg kan ikkje forskottere politiske vedtak, men eg meiner at dette er ein moderat kostnadssprekk som er godt innanfor det me kan handtere, seier han.

Ordføraren vil kalle inn til eit ekstraordinært formannskap 19. august og eit møte i kommunestyret same kveld. Der vil politikarane få lagt fram eit revidert byggebudsjett før dei må ta stilling til om dette er eit budsjett dei kan vedta. I så fall er alt klart for å setje i gang bygging.