annonse

Omkom på Rv7

Utforkøyring
Utforkøyring: To personar vart skadd då ein bil køyrde av vegen på Rv7 ved Liodden i Nes tysdag. (Foto: Magnus Lindahl)

Ein person omkom i ei utforkøyring på Rv7 ved Liodden i Nes.

  • Magnus Lindahl Mli@hallingdolen.no

Det var to personar i bilen. Den andre vart køyrt til sjukehus. Det er uvisst om han er alvorleg skadd.

Nødetatane og luftambulanse rykka ut til ulykka litt over klokka 17.00 tysdag ettermiddag.

Ulykkesbilen var på veg oppover Hallingdal. Utforkøyringa skjedde i ein slak venstresving nokre hundre meter før Liodden bru. Bilen trefte eit skilt og eit tre. Årsaka til ulykka er førebels ukjend.

Ulykka førte til at Rv7 vart stengd for trafikk i lengre tid, og det danna seg lange køer på begge sider av ulykkesstaden.