Ein mann frå Flå er død etter ei utforkøyring.
Ein mann frå Flå er død etter ei utforkøyring.

Omkom i ulykke

Ein mann (24) omkom etter ei ulykke i Flå.

Mannen, som var frå Flå, drog ut i 20-tida laurdag kveld på sin crossmotorsykkel.

Sundag morgon vart han meldt sakna. Klokka 9 vart det sett i gang ein leiteaksjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kort tid etter vart han funne av ein kamerat, seier lensmann Geir Vidme.

Mannen hadde køyrt mot Veneli, men i ein sving ved Brødskåpstjern køyrde han av vegen. Årsaka til utforkøyringa er uviss.

– Saka blir etterforska på vanleg måte, seier Vidme.