Ein person omkom då eit fly styrta på grensa mellom Hallingdal og Valdres.
Ein person omkom då eit fly styrta på grensa mellom Hallingdal og Valdres.

Omkom i flystyrt i Vassfaret

Eit småfly kolliderte tysdag kveld med ein fjellvegg i Sør-Aurdal. Ein person er stadfesta omkome.

Eit tosetars småfly av typen Aquilla kolliderte tysdag kveld i Dyttholknatten, vest i Sør-Aurdal kommune i Oppland, tett på grensa til Flå. Ein person er stadfesta omkome. Vedkommande ville etter planen bli frakta ut onsdag morgon, melder NRK.

Politiet har varsla dei som truleg er pårørande, men det var før identifikasjonen var endeleg. Flyet høyrde til Nedre Romerike flyklubb. Utover at det har tatt av på austlandsområdet er det ikkje opplyst om kva flyplass som vart nytta. Etter kva Hallingdølen fått opplyst har det ikkje letta frå Klanten på Golsfjellet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet fekk melding om ulykka 21.24 tysdag kveld av vitne. Enkelte har observert både smell og flammar. Ulykkesstaden ligg i eit vanskeleg tilgjengeleg området i bratt terreng, utan vegtilkomst. NRK melder at det ligg vrakdelar i eit område på 200 ganger 200 meter.

Kriminalteknikarar frå politi og flyhavarikommisjonen er på plass onsdag for å gjere ytterlegare undersøkingar. Det er ikkje meld om at piloten sende ut nødsignal før ulykka. Avinor innførte flyforbod i eit område på to nautiske mil kring Dyttholknatten opp til 10.000 fot høgde.

Ulykkesstaden ligg i underkant av 13 km i luftlinje frå Flå, og 60 km frå Leirin. Brannvesenet i Flå har assistert politiet. Nordre og Søndre Dyttholknatten er to naturreservat i Vassfaret/Vidalen landskapsvernområdet på grensa mellom Oppland og Buskerud.