Tiril Sjåstad Christiansen kom til finalen i sin første verdscup-konkurranse etter skadeavbrekk.
Tiril Sjåstad Christiansen kom til finalen i sin første verdscup-konkurranse etter skadeavbrekk.

OL-nedtur for Tiril: - I dag er eg fornøgd, eg overlevde

OL-debuten enda med niandeplass for Tiril Sjåstad Christiansen.

Klokka 05.00 var Christiansen finaleklar med god margin, etter å ha sikra seg 89 poeng etter to forsøk i kvalifiseringsrundane.

Geilingen var ein klar gullfavoritt føre damens slopestylefinale i Pyeongchang. Men i andre finalerunde gjekk det gale. Christiansen hoppa for langt på sistehoppet, og landa i ein sky av snø.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg trudde eg skulle slå meg forderva. Då eg så strekene forsvinne under meg tenkte eg «oi, oi, oi, korleis skal eg lande no for ikkje å skade meg?», seier ho til NRK.

Heldigvis gjekk det bra. Christiansen takla landinga, og styrte unna det som kunne blitt ein ny skadesmell. OL enda med ein niandeplass og 60 poeng.

- Veit du kva? Det går heilt greitt, eg er kjempefornøgd. Eg hatar å tape, det er dritkjipt. Men i dag er eg fornøgd, eg overlevde, seier Christiansen. – Det har vore beinhardt å kome hit. Det har vore mange nedturar, mykje oppturar og mykje fram og tilbake. At eg i det heile tatt står her i dag hadde eg aldri trudd. Derfor er eg kjempefornøgd, og smilar frå topp til tå, legg ho til.  

Sarah Höfflin frå Sveits tok gull med 91 poeng. Norske Johanne Killi enda på femteplass med 76 poeng.