Marit B. Kolstadbråten har brukt dei siste 14 åra på å hjelpe døve born gjennom organisasjonen Deaf Aid. Borna kjem frå fattige kår, men har fått eit nytt liv og ikkje minst eit språk etter at dei kom til internatskulen.
Marit B. Kolstadbråten har brukt dei siste 14 åra på å hjelpe døve born gjennom organisasjonen Deaf Aid. Borna kjem frå fattige kår, men har fått eit nytt liv og ikkje minst eit språk etter at dei kom til internatskulen.

Økonomisk misleghald i Deaf Aid - legg ned organisasjonen

Framtida til bistandsorganisasjonen Deaf Aid er usikker etter at ein rapport frå revisjonsfirmaet Deloitte har avdekka økonomisk misleghald i Deaf Aid Kenya.

Ein rekneskapsførar, revisor og ein tidlegare tilsett i Deaf Aid Kenya blir no melde til politiet.

– Heilt forferdeleg. Me har nulltoleranse for korrupsjon og all form for misleghald, seier Marit B. Kolstadbråten frå Ål.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 2004 starta ho bistandsorganisasjonen som i løpet av 14 år har bygd opp eit stort apparat for å hjelpe døve menneske i Afrika. No er framtida til organisasjonen og prosjekta i Afrika usikker.

8000 har fått hjelp

Deaf Aid er livsverket til Marit B. Kolstadbråten.

Ho stifta sjølv bistandsorganisasjonen i 2004 med pengar frå eiga lomme. Deaf Aid har samarbeida med Norad og har 23 tilsette i Kenya. Organisasjonen tilbyr skulegang for døve born frå to år og oppover til universitetsutdanning innan IT for unge døve frå Kenya, Sudan, Uganda og Tanzania. Denne utdanninga i Kenya er førebels lagt på is grunna manglande finansiering. Men IT-utdanninga i Tanzania, som også er eit Norad-prosjekt, held fram utan hjelp frå Deaf Aid. Deaf Aid er den einaste norske bistandsorganisasjonen som berre rettar seg mot døve i Afrika. Sidan oppstarten har Deaf Aid sørga for at over 8000 born har fått gå på skule. Tusenvis av hørselstestar, kurs for foreldre og pårørande og tiltak for å betre livsgrunnlaget til borna er gjennomført. Mange i Hallingdal har også engasjert seg i Deaf Aid og bidrege med private middel. I Ål har Deaf Aid ein bruktbutikk som bidreg uavkorta med ein tredel av driftsutgiftene til internatskulen i Isinya utanfor Nairobi.

Marit B. Kolstadbråten stifta Deaf Aid i 2004. No blir organisasjonen lagt ned. Men drifta av skular i Kenya skal halde fram med hjelp av bruktbutikken i Ål, fadrar, enkeltpersonar og sponsorar.
Marit B. Kolstadbråten stifta Deaf Aid i 2004. No blir organisasjonen lagt ned. Men drifta av skular i Kenya skal halde fram med hjelp av bruktbutikken i Ål, fadrar, enkeltpersonar og sponsorar.
Elevar utanfor internatskolen i Isinya utanfor Nairobi. Skulen er bygd opp at Deaf Aid gjennom mange år med hjelp frå faddermiddel, fleire Oslo-skular og små og store innsamlingar og gåver.
Elevar utanfor internatskolen i Isinya utanfor Nairobi. Skulen er bygd opp at Deaf Aid gjennom mange år med hjelp frå faddermiddel, fleire Oslo-skular og små og store innsamlingar og gåver.

Avdekka

Deaf Aid har frå 2013 til 2016 fått 10,8 millionar kroner i øyremerka støtte frå Norad.

Og det var i arbeidet med sluttrapporten til denne løyvinga i januar 2018 det vart fatta mistanke om misleghald.

– Då varsla me Norad og har sidan samarbeidd om dette, seier styreleiar Marius Mæle.

Revisjonsfirmaet Deloitte vart engasjert av Norad. Undersøkinga avdekka at:

* Det er grunnlag for å mistenkje ein tidlegare tilsett i ei leiarstilling i Kenya for økonomisk misleghald.

Artikkelen held fram under annonsen.

* 75 prosent av prosjekta som har fått støtte frå Norad har vorte gjennomført, men dette er lite dokumentert gjennom vedlegg. Det manglar vedlegg for 90 prosent av midlane som har vorte brukt til å gjennomføre Norad-prosjekta.

* Deaf Aid Kenyas rapportering til Norad om aktivitetar har innehalde feil som ikkje har vorte avdekka som følge av mangelfulle kontrollrutinar hjå rekneskapsførar i Kenya og revisor i Kenya og Norge.

* Revisoren til Deaf Aid Kenya, som er kenyanskregistrert, har ferda ut to ulike versjonar av årleg rapportering. Det kan ifølgje Deloitte tyde på samarbeid med den lokalt tilsette i leiarstillinga i Kenya for å skjule misleghald av midlar.

Ingen mistankar

Normalt krev Norad at pengane blir betalt tilbake ved manglande dokumentasjon.

Men rapporten frå Deloitte viser at mange delprosjekt er gjennomført. Derfor vil under halvparten av summen bli kravd betalt tilbake.

– Me har fått eit krav på i underkant av fem millionar frå Norad. Deaf Aid har ikkje sjanse til å greie det, seier Mæle.

– Hadde de ingen mistankar om misleghaldet før i år?

– Me hadde ingen mistankar før 2018. I ettertid ser me at me burde hatt ein tydelegare internkontroll, seier Mæle.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Med registrert rekneskapsførar og revisor trur du at alt er i orden. Dette er ein bitter lærdom, seier Kolstadbråten.

– Kva skjer med Deaf Aid no?

– Det blir to kapittel. Deaf Aid som me kjenner det i dag, blir lagt ned. Men me ønskjer å vidareføre dei sentrale områda i Kenya ved hjelp av bruktbutikken, fadrar, enkeltpersonar og sponsorar. Det blir eit før og etter-liv, seier Mæle.

– Eit svik

Då Deloitte starta granskinga i februar, reiste Kolstadbråten til Kenya for å bidra i det krevjande arbeidet.

Ho kallar det som har skjedd ein tragedie.

– Eg har ikkje ord. Det er eit stort svik og ei stor sorg. Å bli svikta på denne måten av ein som har vore med å stifte Deaf Aid, bygge opp arbeidet og som har site i styret, er utilgiveleg.

– Men du held fram arbeidet?

– Eg har fått så mykje støtte og gode råd. Eg kan ikkje svikte og sende 100 ungar til slummen. Eg er glad i dei og gjeve dei livet mitt. Eg skal kjempe til «the bitter end» og håpar me får tilliten tilbake.