Obduksjon av piloten

Mens etterforskinga av flystyrten i Vassfaret foregår, set Nedre Romerike flyklubb fly av typen Aquila førebels på bakken.

Politiet har sendt den omkomne til obduksjon for å avklare identiteten endeleg. Vedkomande vart frakta ut av ulykkesområdet ved Dyttholknatten i Sør-Aurdal kommune onsdag.

Krimteknikarar frå Hamar har vore på staden i håp om å finne årsaka til ulykka. Lokalt politi seier dei vil avhøyre vitne i håp om å finne svar. Det er førebels ikkje funne teikn på at piloten sende nødsignal før kollisjonen med fjellveggen tysdag kveld. Statens havarikommisjon for transport er rutinemessig kopla inn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjarne Berg, som bur i Hedalen, med utsikt til Dyttholknatten, har til Avisa Valdres sagt at han observerte tunge skyer med regn og mogeleg torevêr i tidsrommet då ulykka skjedde.

– Dyttholknatten stikk litt høgare opp enn dei andre toppane her. Og med slikt vêr kan det kanskje ha blitt vanskeleg å navigere, seier Berg.

Ulykkesflyet høyrer til Nedre Romerike flyklubb. Dette er landets største flyklubb, og flyet er av typen Aquila A211, melder NRK. Flyet var klubbens nyaste og vart levert i 2016. Det er eit typisk fly brukt blant anna under flyopplæring. Klubben har base på Kjeller flyplass, utanfor Lillestrøm.

Ulykkesflyet tok av frå Kjeller i 18-tida tysdag. Det er gjort observasjonar like før klokka 21 som kan vere frå kollisjonen. 21.15 fekk politiets operasjonssentral Innlandet melding. Ulykkesstaden ligg under halvanna mil frå Flå i luftline, like over fylkesgrensa til Oppland. Dyttholknatten har ei bratt fjellside opp til toppen på kring 1200 meter over havet.