Mattilsynet har mistanke om at det er avdekka eit nytt tilfelle av skrantesjuke i Nordfjella.
Mattilsynet har mistanke om at det er avdekka eit nytt tilfelle av skrantesjuke i Nordfjella.

Nytt skrantetilfelle i Nordfjella

Mykje tyder på at det er avdekka nok eit tilfelle av skrantesjuke i Nordfjella.

Det går fram av ferske prøveresultat av ein vaksen reinsbukk. Endeleg svar på prøvene er venta sist i veka, opplyser Mattilsynet. Ifylgje Mattilsynet vil reinsbukken bli sendt til Veterinærinstituttet for vidare undersøkingar.

– Så langt har me funne 12 dyr med skrantesjuke i Norge. Me reknar med at talet vil auke etter kvart som den statlege fellinga av Nordfjella-reinen held fram. Målet med nedskytinga av villreinstamma er å fjerne sjukdomen frå norsk natur, slik at me kan ha friske viltstammer i området, seier Hallgeir Herikstad, skrantesjuke-koordinator i Mattilsynet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fellinga foregår i regi av Statens naturoppsyn. Mattilsynet har ansvar for prøvetaking og smittehandtering. Heile villreinstamma i sone 1 i Nordfjella skal utryddast. Det inneber at godt over 2200 reinsdyr skal avlivast. Så langt er det skote i underkant av 900 dyr. Fristen for nedskytinga er sett til 1. mai neste år.

Reinsdyra som blir felt, blir transportert ned frå fjellet til eit baseområde nær Breistølen. Det blir tatt prøver av alle felte dyr, og prøvene blir analysert av Veterinærinstituttet.

Uttaket av villreinstamma blir gjort for å hindre at skrantesjua spreier seg. Dette dreier seg ikkje først og fremst om å fjerne sjuke dyr, men å fjerne smitten for å hindre at sjukdomen spreier seg til andre hjortedyr og miljø, understrekar Mattilsynet.