Får du ikkje avisa som vanleg er det fint om du tek kontakt med Hallingdølen.
Får du ikkje avisa som vanleg er det fint om du tek kontakt med Hallingdølen.

Nye rutinar skapar trøbbel for avisleveringa

Frå nyttår skal aviser merkast med namn og adresse på ein annan måte enn tidlegare. Det har skapt krøll.

Det er Posten som krev ny merking og sortering av avispakker. Omlegginga vart gjeldande frå nyttår, og har skapt trøbbel i distribusjonssystem, blant anna hjå Hallingdølen.

Abonnentar i Hallingdal får avisa som vanleg, men nokre av dei som får avisa levert av Posten, eller avisbod i blant anna bergensområdet, har opplevd at avisa ikkje har dukka opp den siste veka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir jobba iherdig for å finne feilen og ordne opp i dette, fortel marknadssekretær i Hallingdølen, Sissel Eilertsen Myro.

Administrerande direktør Ola Stave oppmodar alle som ikkje får avisa om å ta kontakt, slik at Hallingdølen får kartlagt kor omfattande problema er.