Onsdag 18. april gjekk det eit jordras i Bøygardsvegen i Votndalen i Ål, på same stad som det har rasa fleire gonger før. Natt til sundag rasa det på femte dagen.
Onsdag 18. april gjekk det eit jordras i Bøygardsvegen i Votndalen i Ål, på same stad som det har rasa fleire gonger før. Natt til sundag rasa det på femte dagen.

Nye ras natt til sundag

- Det er framleis stor skredfare, seier Solveig Vestenfor, ordførar i Ål. Kommunen har sundag hatt møte med NVE. Rådet er å varsle kommunen dersom vatn kjem på avvege.

- Det er framleis stor skredfare. Folk må sjekke at stikkrenner og grøfter er opne. Ingen må endre på vassvegar, seier Ål-ordførar Solveig Vestenfor. Eit møte med NVE og geolog sundag slår fast at skredfaren ikkje er over.

Natt til sundag gjekk det nye jordskred i Votndalen, vest for rasområdet i Bøygard dagane før.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regn i vente

Mildvêr har gitt kraftig snøsmelting den siste tida. Bakken er mange stader metta på vatn. Yr melder framleis om mildvêr og på måndag kan det også kome regn.

- Å sikre vassvegane er viktig også mot vårflaumen, når den kjem, seier Vestenfor. 

Vaktberedskap

Kommunen har to personar på vakt til ei kvar tid no, men det er grunneigarar som har ansvar for privat grunn.

Brannvesenet reiste ut til Liagardane fredag kveld, etter melding om mykje vatn på avvege, men situasjonen løyste seg med litt graving med maskiner.

Vestenfor håpar flest mogeleg gjer alt dei kan for å la vatn renne der det skal.

- NVE og geologane seier skred i prinsippet ikkje skal skje dersom vatn får renne fritt, seier Vestenfor. Ho seier kommunen ønskjer å bli kontakta dersom folk har vanskar med vatn.

Vårflaum

Det er meld om fare for 100-årsflaum i Hemsedal, men det er ikkje meld om nye skred i andre kommunar i Hallingdal, etter onsdag. Då gjekk det også eit jordskred i Rukkedalen i Nes, i tillegg til fleire i Ål.