annonse

No vil dei selje meir av Norge

In a nutshell
In a nutshell: Alt i dag samarbeider NSB og Fjord1 om pakketursatsinga «Norge i eit nøtteskal» på Flåmsbana (biletet). No vil dei etablere eit nytt selskap som skal marknadsføre miljøvenlege pakketurar over heile landet. (Foto: Sindre Thoresen Lønnes)

+ NSB og Fjord1 går saman om å tilby miljøvenlege reiselivspakkar. Målet er å trekkje fleire turistar til reisemål over heile Norge.

Tor Folgerø

Dei to kollektivtransportselskapa vil gå saman om å danne eit nytt reiselivsselskap. I intensjonsavtalen står det at NSB-konsernet og Fjord1 skal eige 50 prosent kvar.

– Målet er å etablere ein sterk sals- og marknadsføringsportal som skal marknadsføre Norge som ein miljøvennleg reiselivsdestinasjon, også internasjonalt, seier administrerande direktør Dagfinn Neteland i Fjord1 i ei pressemelding.

– Berekraftig alternativ

Dei to selskapa er i dag leiande i kollektivtransport på høvesvis land og sjø, NSB-konsernet med NSB Persontog og landets største busselskap, Nettbuss. NSB eig også halvparten av Flåm Utvikling, som driv den populære Flåmsbana. Fjord1 er det største ferjeselskapet i landet og eig halvparten av selskapet The Fjords, som driv dei heil- og halvelektriske turistbåtane «Vision of the Fjords» og «Future of the Fjords».

– Kombinasjonen av miljøvennlege båtar og rutegåande bussar og tog gir turistar som besøkjer oss, eit berekraftig alternativ, seier reiselivsdirektør Synne Homble i NSB-konsernet.

Heilårsturisme og nye reisemål

Selskapet skal etter planen vere etablert rundt 1. mars neste år. Den nye satsinga byggjer vidare på samarbeidet mellom dei to om pakketursatsinga «Norge i eit nøtteskal», som NSB og Fjord1 tilbyr gjennom selskapet Fjord Tours AS. Fjord Tours skal òg vere salskanal for tilboda frå det nye selskapet.

Eit delmål er å bidra til meir heilårsturisme og å leggje til rette for å styre noko av turisttrafikken til andre reisemål enn dei mest kjente rutene. Romsdalen med Åndalsnes og Raumabanen blir trekt fram som eksempel på eit reisemål som har plass til fleire besøkande heile året.

– Me skal lage pakketurar som freistar turistar heile året, seier Neteland.