Tuv oppvekstsentar blir avvikla i tre av seks forslag. Dersom hemsedølene ønskjer barnehage og skule i nærområda må dei engasjere seg, var omkvedet i kommunestyret torsdag.
Tuv oppvekstsentar blir avvikla i tre av seks forslag. Dersom hemsedølene ønskjer barnehage og skule i nærområda må dei engasjere seg, var omkvedet i kommunestyret torsdag.

No må hemsedølene vise at dei bryr seg

Ordet er fritt – i fire veker, men etter det er det for seint å koma med innspel til framtida for barnehagar og skular i Hemsedal.

– Eg var i grunn forundra over at det ikkje var større oppslutnad då det var arrangert folkemøte om dette, sa Helene Sagabråten (Ap).

Kommunestyret hadde torsdag kveld barnehage- og skulestruktur på agendaen. Saka handlar ikkje berre om organisering. Ho handlar like mykje om kva bygda vil med grendene Tuv og Ulsåk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Må jobbe for engasjement

Det er inga lett oppgåve. Prosjektgruppa, leia av ordførar Oddvar Grøthe (Sp) fekk mykje skryt for analysen dei la på bordet.

Analysen inneheld seks ulike modellar, men utan nokon klar anbefaling. Modellane er:

1. To oppvekstsenter og ein 5.-10. skule

Pål Terje Rørby (Sp)
Pål Terje Rørby (Sp)
Olav Støyten (KrF)
Olav Støyten (KrF)
Helene Sagabråten
Helene Sagabråten

2. Eitt oppvekstsenter og ein 5.-10. skule

3. To barnehagar og ein sentralskule

4. Ein barnehage og ein sentralskule (åtskilt)

5. Sentralskule og barnehage ved HBU

6. To barnehagar, ein 1.-5. trinn skule og ein 6.-10. trinn skule

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har lagt oss i selen for å vere nøytrale, sa Grøthe.

Det er denne analysen som torsdag, etter ein lang debatt, vart lagt ut på høyring. Mange er spurt, men debatten spegla det faktum at hemsedøler generelt ikkje har engasjert seg.

– Me politikarar må jobbe for å skape engasjement, sa Sagabråten.

– Best mogeleg skule

Olav Støyten (KrF) meinte dagens modell, som av mange blir kritisert, i analysen står seg godt.

– Rapporten viser at dagens modell ikkje har vore så galen, reint økonomisk. Analysen seier ikkje noko om korleis modellen har vore for barn og unge, men skuleresultata er gode. Me har lågt fråfall, sa han.

– Hovudmålet må vere å bygge den fagleg beste skulen, sa Odd Holde (H).

Tuv mest truga

Pål Rørby (Sp) hadde merkt seg at Tuv er borte frå «oppvekstkartet» i tre av seks forslag til ny modell.

– Går me for nokre av desse betyr det total nedlegging av Tuv, sa han. Han kunne godt tenkt seg færre alternativ, men med fleire detaljar om dei mest aktuelle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Slik blir det ikkje. Analysen blir lagt ut på høyring, slik ho er utarbeidd.

– Eg håpar folk i bygda no viser engasjement og tek del i debatten. Det er no det er mogeleg å kome med innspel, sa Støyten. Han landar sjølv normalt fjørlett i vanskelege saker. I denne saka har han ikkje landa, sa han.