Her frå Hemsedalsfjellet.
Her frå Hemsedalsfjellet.

No er det ustabilt i fjellet

Inn mot vinterferien er det meldt betydeleg snøskredfare i fjellet.

Før stormen i fjellet onsdag og torsdag var det mykje laus snø i terrenget. Den kraftige vinden har flytta på snømassane og lagt han igjen i lesidene.

Fersk fokksnø

Snøskredvarslinga oppmodar folk om å unngå leområde med fersk fokksnø.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det vil vere lett å løyse ut skred i mange leheng der fokksnøen ligg over eit svakt lag av lausare snø. Snøen vil gradvis stabilisere seg, men det vil ta litt tid, skriv nettstaden varsom.no.

Snøskredvarslinga ber folk sjå etter område der vinden nyleg har lagt frå seg fokksnø, typisk bak ryggar, i renneformasjonar og søkk. Lokale vindeffektar og skiftande vindretning kan gje stor variasjon kor fokksnøen har lagt seg. Snø som sprekk opp rundt skia/brettet er typiske fareteikn.

Svake lag

Det finst også svake lag lenger ned i snøen som kan påverkast der snødekket er tynt eller mjukt, til dømes nær fjellrygger og ved steinar som stikk opp av snøen.

– Det krev mykje kunnskap å kjenne igjen svake lag i snødekket. Drønnelyder og skytande sprekkar er tydelege teikn, men fråvær av slike teikn betyr ikkje at det er trygt, skriv snøskredvarslinga.