Laurdag gjekk det skred øvst i Hemsedal Skisenter. Skredet gjekk i eit område som blir brukt til frikøyring mellom Tinden og Totten, nær Tottetjern.
Laurdag gjekk det skred øvst i Hemsedal Skisenter. Skredet gjekk i eit område som blir brukt til frikøyring mellom Tinden og Totten, nær Tottetjern.

No er det moderat skredfare i fjellet

Skredfaren i Hallingdal har minka litt dei siste dagane melder nettstaden varsom.no. Dei ber samstundes skikøyrarar om å vere forsiktige.

Snøoverflata består i all hovudsak av vindpåverka snø med store mengder fokksnø i austvendt terreng. Den varierer frå relativt laus snø i enkelte skjerma område til stort sett hardare flak med vindskavlar elles. Det finst fleire vedvarande svake lag i snødekket. Det er usikkert kor aktive desse laga er og kor lett det er å påverke dei. Men truleg skal det berre til ein liten tilleggsbelastning for at dei går i brot. Laurdag løyste skikøyrarar ut skred i austvendt brattheng ved Hemsedal skisenter, skriv nettstaden varsom.no.

Nettstaden ber skikøyrarar vere forsiktige i område brattare enn 30 grader der det har samla seg fokksnø. Vidare blir skiløparar oppmoda om å halde gode avstand til kvarandre når ein er i bratt terreng. Det er størst fare for å løyse ut skred på kul-formasjonar i terrenget og der fokksnøen er mjuk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjå etter område kor vinden nyleg har lagt frå seg fokksnø, typisk bak rygger, i renneformasjonar og søkk. Drønnelyder og sprekkar i snøen er tydelege teikn på ustabile lag i snøen. Men sjølv utan slike teikn kan ein ikkje vera trygg.