Tov Sandnæs (SV) syntest ikkje saka var godt nok greidd ut. Han bad om at omstrukturering av kommuneadministrasjonen vart utsett til mai-møtet. Ordførar Eli Hovd Prestegården (Sp), rådmann Rune Antonsen og varaordførar Viola Bergerud (Ap).
Tov Sandnæs (SV) syntest ikkje saka var godt nok greidd ut. Han bad om at omstrukturering av kommuneadministrasjonen vart utsett til mai-møtet. Ordførar Eli Hovd Prestegården (Sp), rådmann Rune Antonsen og varaordførar Viola Bergerud (Ap).

No blir det magrare tider

Sektorane kultur, helse og omsorg, og service og personal må bu seg på endringar i Nore og Uvdal.

Det vart klart etter at rådmannen fekk klarsignal frå dei folkevalde til å starte omstillingsarbeid i kommuneadministrasjonen. Mot to stemmer gjekk kommunestyret inn for å samle kultur, idrett og fritid under éin leiar. Servicekontor og personalfunksjon blir slått saman i éin felles stabsfunksjon. Og sektorane pleie, rehabilitering og omsorg, og helse, sosial og barnevern blir samla til eit nytt kommuneområde helse og omsorg.

– No er prinsippvedtaket på plass. Det er eg glad for, sa rådmann Rune Antonsen til Hallingdølen etter møtet. Han seier lågare kraftinntekter gjer at Nore og Uvdal står overfor ein heilt ny situasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Drifta må effektiviserast, og me må kutte i tenester. Dette handlar om å tilpasse organisasjonen etter lågare inntekter. Det er alltid smertefullt, både for innbyggjarar og tilsette, men ei heilt nødvendig tilpassing. Dette arbeidet vil mest sannsynleg måtte halde fram i åra som kjem, seier han.

Avviste kritikken

Saka har skapt betydeleg uro og støy. Rådmannen har fått kritikk for at tilsette og tillitsvalde har vore for dårleg involvert i framlegget til omstrukturering. I si innleiing til kommunestyret kommenterte og avviste Antonsen kritikken.

– Dette har vore ein open og ryddig prosess. Alle som har hatt eit ønske om å delta, har hatt høve til det, sa han.

– No er prinsippvedtaket på plass. Det er eg glad for, sa rådmann Rune Antonsen.
– No er prinsippvedtaket på plass. Det er eg glad for, sa rådmann Rune Antonsen.
Nils Helge Tufto (H).
Nils Helge Tufto (H).
Ingvar Svendsen (Ap).
Ingvar Svendsen (Ap).

– Ingen skal seiast opp

Nils Helge Tufto (H) såg ikkje noko dramatikk i å endre måten kommuneadministrasjonen er organisert. Av dei som tok ordet, var han den einaste som støtta framlegget, utan atterhald.

– Her er det ingen som skal seiast opp. Dette er meir ei omplassering enn ei omstrukturering. Høgre kjem til å støtte framlegget, sa han.

Andre var langt meir kritiske, ikkje minst til om saka var godt nok greidd ut. Fleire etterlyste eit kart som viser korleis den nye organisasjonen skal sjå ut.

– Målet er å spare pengar, men eg fryktar at me i staden endar opp med ein topptung organisasjon med fleire sjefar, sa Håvard Kjøntvedt (Sp). Varaordførar Viola Bergerud (Ap) fekk fleirtal for eit forslag om eit ekstra kulepunkt i vedtaket. Ho bad om at konsekvensane, både dei positive og negative, skulle tydeleggjerast.

Mindretal på to

– Før jul utsette me saka for å få ei utgreiing. Det har me ikkje fått. Samarbeidet mellom kommunen og organisasjonane har spora av. Og når noko sporar av, er det godt leiarskap å få det på sporet att, ikkje truge på vidare til neste stasjon, sa Tov Sandnæs (SV), som ville utsetje saka og be om ei grundigare konsekvensutgreiing. Heller ikkje Ingvar Svendsen (Ap) var imponert over saksutgreiinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kommunen skal spare pengar, men saka har blitt servert utan noko kjøt på beina. Me veit ikkje om me kjem til å spare pengar. Dessutan er det viktig å få på plass att samarbeidet med organisasjonane. Eg veit ikkje kven som har skulda for at det har spora av. Men no er det viktig å få det på skjenene att, sa han til Hallingdølen etter møtet. Svendsen var den einaste som støtta utsettingsforslaget frå Sandnæs.