Artisten Benny Borg var del av hestefølgjet som var utsett for ei ulukke på Golsfjellet. Onsdag vart han frakta til Ullevål i ambulansehelikopter.
Artisten Benny Borg var del av hestefølgjet som var utsett for ei ulukke på Golsfjellet. Onsdag vart han frakta til Ullevål i ambulansehelikopter.

Morgan Kane datt av hesten

– Eg trur ikkje den dyktigaste ryttaren i verda kunne halde igjen dei hestane der.

Det seier den folkekjære artisten Benny Borg (71) til VG. Borg, som mellom anna er kjent for «Balladen om Morgan Kane» og «I love Norwegian country», har lang erfaring med riding. Han har drive med dressur i 35 år og har fleire lengre turar på hesteryggen. Onsdag var han med i eit hestefølgje som skulle ri frå Oset i Gol til Gomobu Fjellstue i Nord-Aurdal. Borg var ein av åtte ryttarar som vart skadd då det braut ut panikk i hesteflokken.

– Hestar er flokkdyr. Når dei oppdagar fare hos éin, trur dei det er fare hos alle. Då legg alle på sprang, og då blir det jo kaos, seier han. Borg vart frakta til Ullevål i helikopter. Der vart det konstatert brot i halebeinet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg fekk meg ein stjernesmell. Eg såg vel heile universet av stjerner, tenkjer eg. Eg kjente med éin gong at eg kunne røre på bein og armar, men eg greidde ikkje å reise meg opp. Då fekk eg klar ordre om å halde meg i ro. Eg låg vel i regnet i halvanna time før ambulansen kom, fortel han til VG.

Til hausten er 71-åringen aktuell med forestillinga «Benny – Da og Nå» på Oslo Nye Teater. Han seier det er for tidleg å konkludere om han er i stand til å gjennomføre det.