Veterinærinstituttet mistenker eit nytt tilfelle av skrantesjuke på villrein i Nordfjella.
Veterinærinstituttet mistenker eit nytt tilfelle av skrantesjuke på villrein i Nordfjella.

Mistenker nytt tilfelle av skrantesjuke

Veterinærinstituttet mistenker eit nytt tilfelle av skrantesjuke på villrein i Nordfjella.

Veterinærinstituttet har varsla Mattilsynet om det dei trur kan vera eit nytt tilfelle av skrantesjuke på villrein i Nordfjella.

Felt i jakta

Det aktuelle dyret vart felt i jakta, og teken prøve av som eit ledd i den storstilte prøvetakinga knytt til årets reinsjakt. Tidlegare i haust vart det påvist to nye tilfelle av skrantesjuke på villrein felt under jakt i Nordfjella. I alt er det påvist seks skrantesjuke villrein i Norge, sidan det fyrste tilfellet vart påvist på ei simle i Nordfjella våren 2016. Ein annan variant av sjukdomen er også påvist hjå to elgar i Selbu.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er ikkje overraska over at det no er varsla om ein ny mistanke. Me har venta å finne fleire smitta dyr i Nordfjella, og rettar ein stor takk til jegerar og andre som gjer ein enorm innsats i desse dagar, seier Kristin Ruud Alvseike, seniorrådgjevar i Mattilsynet, i ei pressemelding.

Tre positive i 2017

Mattilsynet har alt vore i kontakt med jegeren som har skote det aktuelle dyret. Slakteskrotten vert teken hand om av Mattilsynet og sendt til Veterinærinstituttet for vidare prøvetaking. Slakterestar som ligg att i fjellet skal også hentast ut. Kring 600 villrein frå Nordfjella har blitt testa for skrantesjuke så langt i 2017. Tre av desse har vore positive. Mattilsynet oppfordrar alle som ferdast i skog og mark, og som ser daude eller skadde hjortedyr om å melde ifrå. Symptom på skrantesjuke er avmagring, pjuskete pels, hyppig urinering og unormal oppførsel, slilk som at dei ikkje er redde folk og trafikk.