Ifølge Norges Skiforbund skal Maria Tviberg ha klaga på smerter i høgre kne etter fallet.
Ifølge Norges Skiforbund skal Maria Tviberg ha klaga på smerter i høgre kne etter fallet.

Mistar OL etter ny kneskade

Undersøkingar på sjukehuset i Lake Louise syner at Maria Tviberg har pådratt seg si fjerde korsbandskade.

Det var dramatiske bilete då Maria Tviberg vart henta med helikopter etter fall i Lake Louise.

Tviberg starta som 26. jente i den fyrste treningsomgangen i Lake Louise i Canada tysdag kveld norsk tid. Men geilojenta kom aldri til mål. I staden vart ho skadd då ho landa etter eit hopp. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Bileta syner at landslagsalpinisten vart henta med helikopter og frakta ut av bakken. Onsdag morgon vart det klart at 23-åringen mistar OL i Pyeongchang.

– Det er alvorleg. Det er klart at det å slite korsbandet, dessverre skjer altfor ofte i vår idrett. No har ho roke det for andre gong i høgre kne. Det er to gonger på kvart kne. Men no får ho bra hjelp frå vårt medisinske personell, seier sportssjef Claus Ryste til NRK.

Overfor NRK anslår han ei rehabiliteringstid på kring ni månader. Om det stemmer, ryk heile sesongen for den skadeutsette alpinisten.

Heim til Norge

Ho vart undersøkt på Banff-Mineral Springs Hospital natt til onsdag, norsk tid. 

Ein av dei næraste dagane blir ho frakta heim til Norge for vidare behandling. 

Ho har tidlegare hatt tre periodar med opptrening etter korsbandskader. Fyrst rauk korsband i venstre kne to gonger, før ho i 2015 tok korsband i det høgre. Etter halvtanna år utan konkurransar var ho tilbake i verdenscupen for eitt år sidan. Sist vinter hadde ho fleire sterke plasseringar, køyrde VM og vart NM-dronning med fleire gull i Narvik. 

Fartsspesialistane startar verdscupen fredag. Der skulle Tviberg, som er ein sentral del av eit lite, norsk fartslag stått på start.