Meir plass for Frelsesarmeen
Frelsesarméhuset på Gol blir bygd ut. Innan 1. november kjem arealet til å vere nær dobla.
– Huset me har i dag, er gamalt og lite. Det svarar ikkje til drifta Frelsesarmeen i Hallingdal har. Utbygginga som no er i gong, har vore planlagt i to år, fortel Marta Maria Espeseth.
Nesten dobling
Espeseth er dagleg leiar i Frelsesarmeen Hallingdal. Ho fortel om store planar for det nye frelsesarméhuset som til hausten vil stå klart på Gol. Utbygginga er alt i gong.
Artikkelen held fram under annonsen.
– I dag har me rundt 120 kvadratmeter, og me bygger på hundre nye. Målet er å leggje betre til rette for alle som er involvert i Frelsesarmeen sitt arbeid. Å få betre arbeidshøve gjennom å få meir plass, seier ho.
Oppgradering
Fleire av frelsesarméprosjekta som i dag alt er i full sving, vil kunne bli enno betre når det nye fleirbruksbygget står klart, trur Espeseth.
– Me kjem til å få eit romsleg og moderne kjøkken. Det blir ikkje lenger nødvendig å ha frysarane me brukar i samband med matleveringa vår i fleire ulike rom. Me kjem og til å få ein større forsamlingssal og ei generelt betre planløysing inne i huset, seier ho.
Oppmodar til å gi
Utbygginga vil til saman koste 4,8 millionar kroner. 1 million har Frelsesarmeen Hallingdal sjølv spart opp gjennom nær 20 år. 2,8 millionar blir finansiert gjennom Frelsesarmeen sentralt. Når det gjeldt den siste millionen, set Espeseth si lit til næringslivet i Hallingdal. Ein innsamlingsstafett blir i desse dagar sett i gong.
– Eg vil oppmode folk, både i næringslivet og elles, om å gi så mykje dei berre klarar. Frelsesarmeen har aktivitetar i alle hallingdalskommunane, og me stiller opp for menneske som treng oss, seier ho.
– Kor viktig kjem det nye bygget til å bli for Frelsesarmeen her i dalen?
– Det blir ei ny verd for oss.