Osvald Medhus er kritisk til at det er amerikanske kraftbørsen Nasdaq OMX som forvaltar norsk kraft. – Stortinget og politikarane er utan kontroll, meiner Medhus.
Osvald Medhus er kritisk til at det er amerikanske kraftbørsen Nasdaq OMX som forvaltar norsk kraft. – Stortinget og politikarane er utan kontroll, meiner Medhus.

Medhus: – Storting og politikarar er utan kontroll

I 2008 og 2010 kjøpte amerikanske Nasdaq OMX den nordiske kraftbørsen Nord Pool ASA for litt over to milliardar kroner. – Det er interessant at Nasdaq har over- teke kraftforvaltninga utan å eige noko, seier Osvald Medhus.

Medhus har heilt sidan andre verdskrig følgd utviklinga i den norske kraftproduksjonen på nært hald, ikkje minst som mangeårig ordførar i Hol kommune. I etterkrigsåra fekk Hol bygd ut så å seie alle vassdraga. Etter at han vart pensjonist, har han ved fleire høve stått fram som ein av dei fremste kjennarane i nasjonale kraftspørsmål. Dette kom ikkje minst til syne i heimfallssaka for ti år sidan. Då kom stortingspolitikarar til Hol og Medhus for å lære.

2,4 milliardar

Medhus har lenge vore kritisk til at det er amerikanske Nasdaq OMX som driv den finansielle krafthandelen i Norge og Norden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Seinast i februar hadde han ein polemikk med Nasdaq i Hallingdølens lesarbrevspalte. No har han grave meir i kjøpsavtala frå 2008 då Nord Pool ASAs clearing- og konsulentverksemd vart seld til Nasdaq OMX. I 2010 selde Statnett aksjeposten på 50 prosent i Nord Pool ASA til Nasdaq. Det same gjorde Svenska Kraftnät. Men kva for sum dette vart selt for, har ikkje vore kjend. I lengre tid har Medhus arbeidd for å få greie på prisen. No har han fått det. Tidlegare i sommar kom svaret frå Olje- og energidepartementet.

– Nasdaq betalte til saman 2,4 milliardar, seier Medhus.

– Korleis vurderer du prisen?

– Dei har ikkje betalt 2,4 milliardar for ingenting. Og det er interessant at dei har overteke kraftforvaltninga utan å eige noko. Me har gjeve frå oss styringa og alt blir no byråkratisk bestemt. Det nådde sin topp med salet til Nasdaq.

– Utan kontroll

Medhus er uroa over utviklinga.

– Den offentlege debatten peikar på at me eig kraft. Men å eige kraft betyr at me skal bestemme over denne. Den nye utviklinga er jo faktisk den at det er marknaden som styrer krafta og prisfastsettinga, utan å eige ho. Denne utviklinga er forvirrande i den offentlege debatten. Stortinget og politikarane er utan kontroll.

Og verre blir det, meiner han, når Norge nærmar seg EUs energiunion via ACER.

– Det er ei merkeleg kurtisering. Me er på full fart inn i EU med vår kraftmarknad, seier Medhus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han rår politikarane til å ta meir styring, men spør om ein har eit Storting som er interesserte i dette. Og som han peikar på:

– Etter år 2000 har Senterpartiet hatt olje- og energiministeren i 12 år, Arbeiderpartiet i tre, KrF i eitt, Høgre i eitt og Frp i to. Sp har vore ein førande motstandar mot EU, men set ikkje opp kraftspørsmålet. Forvaltninga er flytta frå politiske organ til byråkratiet. Dette burde vere interessant for politikarane å diskutere, meiner Medhus.

Straumpris

I år er straumprisane dei høg- aste sidan 2010.

Mindre nedbør er ein faktor, men også kolprisen og prisen på kjernekraftverk i Europa spelar inn. Medhus meiner det ikkje burde vore slik. Han kallar Norges situasjon unik.

– Me er det einaste landet i Europa som har full dekning av eiga kraft. Me har bygd ut vasskraft etter vårt behov. Men norsk vasskraft blir brukt til å dekke manglande kraft i Europa. Dette øydelegg verdien av våre kraftreguleringar og -utbyggingar. Me sel krafta vår på billegsal til Europa.

– Korleis ville du hatt det?

– Eit betimeleg spørsmål. Norge er i ei særstilling fordi me er det einaste landet i verda med full dekning av nedbetalt, eigenprodusert vasskraft. Me kan bestemme eigen pris. Me er ikkje avhengig av andre land. Produksjonsprisen er på 3–5 øre. Med skatt blir den rekna til 10 øre per kilowattime. Me er i ein unik situasjon me burde bruke til vårt formål. Ein betydeleg del av industrien er avhengig av kraft. Me kan stabilisere prisen. Kva for verdi ville ikkje det ha for arbeidslivet?

Energilova

Det var Energilova i 1990 som liberaliserte kraftmarknaden og opna opp for ein fri marknad for kjøp og sal av straum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dermed vart utbyggingane meir marknadsstyrte og mindre avhengig av prognosar og politiske vedtak som mellom anna låg til grunn i fleire år. Etter krigen bygde Staten ut nye kraftanlegg på bakgrunn av statskraftprisen som vart fastsett årleg gjennom vedtak i Stortinget.

– Ser du ingen fordelar ved liberaliseringa?

– Jo, absolutt. Den er på fleire måtar ei bra lov for Norge. Men me har kanskje misbrukt ho. For eksempel er lova avgjerande for verdien av konsesjonskrafta. Etter mi meining har lova vorte brukt delvis til skade for Norge når den kunne vorte brukt til fordel.

– Kan det gjerast noko, og er det vilje til det?

– Kraftmarknaden og pris er stadig knytt meir til EU, og tendensen er at me skal halde fram med det. Spørsmålet er om dette er ei irreversibel ordning. Viss me er komne dit at det ikkje er nokon veg tilbake, er det ein stor tragedie.