Det er mykje automatikk i reinseanlegget, men dei som jobbar i VAR må ofte fysisk handtere kloakk og avløp også. Her Dag Erland Tangnæs (f.v.) og Nils Erik Vedvik.
Det er mykje automatikk i reinseanlegget, men dei som jobbar i VAR må ofte fysisk handtere kloakk og avløp også. Her Dag Erland Tangnæs (f.v.) og Nils Erik Vedvik.

– Me har ulike interesser

På vatn, avløp og renovasjon-avdelinga til Ål kommune jobbar det ti personar. Ei av dei er dame. Ho sit på kontor.

Om ein skal peike på ei avdeling der mannlege tilsette ligg prosentvis litt høgare enn dei andre sektorane kommunen, må det bli sektoren for drift og utvikling.

Her er det 76 tilsette, 34 menn og 42 kvinner. Det gir ein prosent på høvesvis 45 og 55 prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ni av ti menn

Sektoren styrer byggforvaltninga, veg og park, reinhald og utvikling, mellom anna.

Dei styrer også VAR – vatn, avløp og renovasjon. Her jobbar det i alt ti personar. Ni av dei er menn. Den eine kvinna er sekretær.

Nils Egil Vedvik er ein desse ni mennene. Han fortel at dei er tre-fire kontorrotter i avdelinga, medan resten er ute.

– Me passar på at du har vatn i springen og at du kan trekkje ned i snora, seier han.

Lagt til rette for kvinner

Han og resten av kollegaene er midt i lunsjen på Sundre Renseanlegg. Dei fortel at dei gjerne kunne hatt fleire kvinnelege kollegaer.

– Det er sikkert bra for arbeidsmiljøet. Men det betyr ikkje at det i dag er skikkeleg mannfolkmiljø her altså, det finst vel knapt ein lettkledd kalender igjen her. Det var mest før at ein fann skikkeleg mannearbeidsplassar.

Dei har damegarderobe i bygget, men den er lite i bruk. Så vidt dei kan hugse har det aldri vore ei kvinne innom i utedelen av avdelinga. Det einaste dei kan kome på er ei kvinneleg røyrleggjar som vurderte å begynne, men som aldri gjorde det.

– Det at det ikkje er fleire kvinner i bransjen, kan jo ha noko å gjera med det me driv med, seier dei. Kloakken er ein stor del av arbeidskvardagen deira.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Du må jo ha ei interesse for å stake kloakk, seier Dag Erland Tangnæs.

Han er klar i talen når han seier at det nok handler om at folk er forskjellige og har ulike interesser

Har oppfordra

På landsbasis er det eit fåtal kvinnelege tømrarar, røyrleggjarar og elektrikarar.

Kva som skal til for å få fleire kvinner i bransjen har gjengen rundt lunsjbordet ikkje noko godt svar på.

– Det må nok starte med skulane. Og så handler det som sagt om interessa. Det finst alle slags hjelpemiddel for jenter som kunne tenke seg slike yrke, men då må ha ein interesse for å bli det.

– Kva tenkjer de om kvotering?

– Ved dei siste stillingsutlysningane har ein prøvd å oppfordre kvinner til å søkje.

Kvinnedel i Ål

* Kvinner utgjer 80 prosent av kommunen sine tilsette.

* På toppleiarnivå, i rådmannsteamet, er det 57 prosent kvinner. Fire kvinner og tre menn.

* På mellomleiarnivå er det 65 prosent kvinner, 22 kvinner og 12 menn.

* Gjennomsnittleg løn for mellomleiar er for kvinner 502.500 kroner og 532.600 kroner for menn.

* I sektor helse er det sju prosent menn og 93 prosent kvinner, høvesvis 16 og 209.

* I sektor drift og utvikling er det 34 menn og 42 kvinner. Høvesvis 45 og 55 prosent.

* I sektor oppvekst er det 15 prosent menn og 85 prosent kvinner. Høvesvis 33 og 182 personar.

Slik er det i dei andre kommunane:

* Flå: Rådmannen si leiargruppe i 2013 bestod av 54,5 prosent kvinner og 45,5 prosent menn. Dei fem mellomleiarar er kvinner, og det er framleis ein hovudvekt av kvinnelege tilsette generelt i kommunen.

* Nes: Av 289,58 tilsette er 77,50 prosent kvinner.

* Gol: Av 419 tilsette er 350 kvinner og 69 menn.

* Hol: 76 prosent av dei tilsette er damer. På leiarnivå er fordelinga 59 prosent kvinner og 41 prosent menn.

* Hemsedal: Av 269 tilsette er 222 kvinner og 47 menn.

* Nore og Uvdal: 79 prosent av dei faste tilsette i kommunen er kvinner. Det øvste administrative leiarnivået i Nore og Uvdal består av tre kvinner og fire menn. Blant mellomleiarane er 15 kvinner og ti menn.

KJelde: Årsmeldingane til kommunane