Det blir ein jobb i gravemaskin. På yrkesmessa fekk dei prøve seg i simulatoren, f.v. Henrik Dybsjord, Jonas Haugen og Anders Warlo Totland.
Det blir ein jobb i gravemaskin. På yrkesmessa fekk dei prøve seg i simulatoren, f.v. Henrik Dybsjord, Jonas Haugen og Anders Warlo Totland.

- Me er heldige og veit kva me vil bli

- Eg tykkjer synd på dei som ikkje anar kva dei vil. Som berre må begynne på studiespesialisering mens dei prøver å finne ut av det, seier Anders Warlo Totland.

Ved gravemaskinsimulatoren er køen lang. Jonas Haugen sit ved spakane og har full kontroll. Dette har han gjort mange gonger før.

- Dette er topp, tykkjer han. Klassekameraten frå Geilo, Henrik Dybsjord, følgjer med frå sida og det same gjer nesningen Anders Warlo Totland.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg vil gjerne ha gravemaskin som jobb, eg søkjer tipp på Ål neste år, fortel Jonas. Det same skal dei to andre.

- Det blir tipp fyrst og så anleggsmaskinførarfaget, fortel Anders Warlo Totland. Dei tre har brukt mykje tid på nettopp denne standen i dag.

- Eg har sett på andre ting også, men dette var best, seier Anders.

Dei tre visste kva dei vil bli lenge før dei kom til yrkesmessa i dag, men slik er det ikkje for alle.

- Eg tykkjer synd på dei som ikkje veit kva dei vil bli. Som berre må begynne på studespesialisering for å prøve å finne ut kva dei vil, seier Anders.