Ein 81 år gamal mann omkom på skitur ved Nystølen i Nes sundag. Etter ein stor leiteaksjon vart mannen funne i live rundt midnatt. Han døydde på veg til Drammen sjukehus.
Ein 81 år gamal mann omkom på skitur ved Nystølen i Nes sundag. Etter ein stor leiteaksjon vart mannen funne i live rundt midnatt. Han døydde på veg til Drammen sjukehus.

Mann omkom i Nes-fjellet

Den 81 år gamle mannen som var sakna etter ein skitur ved Nystølen i Nes, døydde på veg til Drammen sjukehus.

Mannen vart funnen klokka 00.40 natt til måndag, berre 500 meter frå hytta. 

Då hadde han vore ute på tur sidan klokka 14 sundag. Mannen vart meldt sakna av familien litt før klokka 17. Då hadde han gått på ski frå Nystølkroken kafe til hytta i Botstjernlia ikkje langt unna kring klokka 13.30. 

Artikkelen held fram under annonsen.

- Då mannen vart meldt sakna, vart det sett inn store ressursar for å finne han. Luftambulansen og eit Sea King-helikopter var med i tillegg til mannskap frå Røde Kors og sju hundar frå Norske Redningshunder, seier politioverbetjent Jan Koldal ved Hol lensmannskontor. 

Det var vindstille i området med lette snøbyer og fire minusgrader. 

- Me veit ikkje kva som er årsaka til at han ikkje kom tilbake til hytta, seier Koldal. 

Etter at 81-åringen var funnen, vart det sett inn livreddande hjelp. Men livet stod ikkje til å redde. Han døydde i helikopteret på veg til sjukehuset i Drammen.