Flott ut­sikt i Brem­an­ger.
Flott ut­sikt i Brem­an­ger.

Luftige bilete

Pål Sunds­øy frå Gol fo­to­gra­fe­rer nors­ke per­ler frå fug­le­per­spek­tiv.

– Fil­min­ga med dro­ne er ber­re ein hob­by. Men eg li­kar å sjå ver­da frå nye vink­lar, for­tel Sunds­øy.

Dei sis­te ve­ke­ne har han vore svært pro­duk­tiv. Hei­le tre vi­de­oar har hanpub­li­sert på kort tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har fa­mi­lie i Brem­an­ger og dreg på be­søk dit kvar som­mar. Vi­de­oa­ne re­di­ger­te eg på ein lap­top på hyt­ta, for­tel han.

Åtte timars tur

Sunds­øy bur no i Oslo, og på veg til Vest­lan­det la han inn ein stopp for å sjå Vø­rings­fos­sen. Der vart det sjølv­sagt tid til å luf­te dro­nen. I den spek­ta­ku­læ­re vi­de­oen kan me også sjå dei nye ut­sikts­platt­for­me­ne som er laga i ter­ren­get.

– Det kom man­ge asi­a­tis­ke tu­ris­tar som vil­le ta selfie med meg og dro­nen, hum­rar han.

Hor­ne­len, Europas hø­gs­te sjø­klip­pe, sett frå luf­ta.
Hor­ne­len, Europas hø­gs­te sjø­klip­pe, sett frå luf­ta.
Hor­ne­len, Europas hø­gas­te sjø­klip­pe, sett frå luf­ta.
Hor­ne­len, Europas hø­gas­te sjø­klip­pe, sett frå luf­ta.
Her er Hydnefossen i Hem­se­dal.
Her er Hydnefossen i Hem­se­dal.
Pål Sunds­øy er hob­by­fo­to­graf og fotograferer nors­ke na­tur­per­ler frå luf­ta. Her eit sjølv­port­rett tatt med dro­ne.
Pål Sunds­øy er hob­by­fo­to­graf og fotograferer nors­ke na­tur­per­ler frå luf­ta. Her eit sjølv­port­rett tatt med dro­ne.
Pål Sunds­øy er hob­by­fo­to­graf og fotograferer nors­ke na­tur­per­ler frå luf­ta. I jobb­sa­man­heng har han reist ver­da rundt, her er han i My­an­mar.
Pål Sunds­øy er hob­by­fo­to­graf og fotograferer nors­ke na­tur­per­ler frå luf­ta. I jobb­sa­man­heng har han reist ver­da rundt, her er han i My­an­mar.
Vø­rings­fos­sen sett ovan­frå.
Vø­rings­fos­sen sett ovan­frå.
Foss­li Ho­tell ved Vø­rings­fos­sen.
Foss­li Ho­tell ved Vø­rings­fos­sen.
De­lar av dei nye utsiktsplattformene ved Vø­rings­fos­sen sett frå luf­ta.
De­lar av dei nye utsiktsplattformene ved Vø­rings­fos­sen sett frå luf­ta.

I Brem­an­ger tok han mel­lom anna tu­ren opp på Hor­ne­len, Europas høgste sjø­klip­pe.

– Det er ein tur på åtte ti­mar og me var tre som gjekk i lag. Eg bar dro­nen og fire ekst­ra bat­te­ri. Dei an­dre had­de med ekst­ra kle­de og nis­te­pak­ke for meg.

Kvart bat­te­ri gir 20 mi­nutt med fly­tid.

– Dei er ik­kje vel­dig tun­ge kvar for seg, men alt ut­sty­ret veg nokre kilo til sa­man, for­kla­rar han.

På reisefot

For Pål Sunds­øy har fo­to­gra­fi len­ge vore ein li­den­skap.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det hei­le star­ta då eg bud­de i Sveits i 2005. Sei­na­re har eg reist ver­da rundt i jobb­sa­man­heng, då blir det litt tid til fo­to­gra­fe­ring og, for­tel han.

Han har vore spe­si­elt my­kje i Sør-Aust Asia og drøy­mer om å ta med seg dro­nen dit ein gong i fram­ti­da.

– Bagan i My­an­mar er ein fan­tas­tisk plass som eg hå­par på å kun­ne fil­me frå luf­ta.

Sunds­øy har også laga dro­ne­fil­m frå Gol og Hem­se­dal. Sjå den her: