Personalsjef Unni Sørensen har oversikt med kvinneandelen er blant dei kommunalt tilsette.
Personalsjef Unni Sørensen har oversikt med kvinneandelen er blant dei kommunalt tilsette.

– Lik lønn for likt arbeid

Personalsjef Unni Sørensen støtter forslaget om meir yrkesinformasjon i skulane.

– For nokre år sidan hadde me mellom anna ein helsepatrulje som gjekk inn i skulane og var til stades på yrkesmessa for å informere om jobb i helsesektoren. Dei gjorde ein veldig bra jobb.

– Myte

Når det gjeld lønnsnivå aviser Sørensen at det automatisk vil gå opp om fleire menn kjem inn i kvinnedominerte yrke.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ein myte. Det er lik lønn for likt arbeid, seier ho.

Når det gjeld kvotering, seier ho følgjande: – Me held oss til at den beste søkjaren skal få jobben.

Variasjon grunna ulike jobbar

I årsmeldinga til Ål kommune står det likevel å lese at gjennomsnittleg løn for mellomleiar for kvinner er 502.500 kroner og 532 600 kroner for menn.

Sørensen forklarer forskjellen med ulike typar jobbar.

– Det forskjellar frå yrke til yrke kva mellomleiarar tener. Om det er mange menn som er leiarar i eit godt betalt yrke vil det trekkje opp, seier ho og legg til at det er færre menn enn kvinner i mellomleiarstillingane, altså færre å dele gjennomsnittet på.

– Det er lik lønn for likt arbeid, hevdar ho.

Kvinnedel i Ål

* Kvinner utgjer 80 prosent av kommunen sine tilsette.

* På toppleiarnivå, i rådmannsteamet, er det 57 prosent kvinner. Fire kvinner og tre menn.

* På mellomleiarnivå er det 65 prosent kvinner, 22 kvinner og 12 menn.

* Gjennomsnittleg løn for mellomleiar er for kvinner 502.500 kroner og 532.600 kroner for menn.

* I sektor helse er det sju prosent menn og 93 prosent kvinner, høvesvis 16 og 209.

* I sektor drift og utvikling er det 34 menn og 42 kvinner. Høvesvis 45 og 55 prosent.

* I sektor oppvekst er det 15 prosent menn og 85 prosent kvinner. Høvesvis 33 og 182 personar.

Slik er det i dei andre kommunane:

* Flå: Rådmannen si leiargruppe i 2013 bestod av 54,5 prosent kvinner og 45,5 prosent menn. Dei fem mellomleiarar er kvinner, og det er framleis ein hovudvekt av kvinnelege tilsette generelt i kommunen.

* Nes: Av 289,58 tilsette er 77,50 prosent kvinner.

* Gol: Av 419 tilsette er 350 kvinner og 69 menn.

* Hol: 76 prosent av dei tilsette er damer. På leiarnivå er fordelinga 59 prosent kvinner og 41 prosent menn.

* Hemsedal: Av 269 tilsette er 222 kvinner og 47 menn.

* Nore og Uvdal: 79 prosent av dei faste tilsette i kommunen er kvinner. Det øvste administrative leiarnivået i Nore og Uvdal består av tre kvinner og fire menn. Blant mellomleiarane er 15 kvinner og ti menn.

KJelde: Årsmeldingane til kommunane