– Miroslaw Jorn Odya frå Polen og Ali Abdi frå Somalia er to av dei 7 kursdeltakarane på VINN sitt arbeidsretta norskkurs. Dei er storfornøgd med kurset og skal begge vere med på eit til hausten.
– Miroslaw Jorn Odya frå Polen og Ali Abdi frå Somalia er to av dei 7 kursdeltakarane på VINN sitt arbeidsretta norskkurs. Dei er storfornøgd med kurset og skal begge vere med på eit til hausten.

Lærer å snakke norsk på jobb

Eit arbeidsretta norskkurs på VINN Hallingdal i Gol gjer det lettare for innvandrarar å komme ut i arbeid. – Eg forstår mykje meir no, seier Ali Abdi frå Somalia.

Språk er ein viktig nøkkel til norsk arbeidsliv og absolutt nødvendig å kunne for å få ein jobb. Difor tilbyr VINN, i samarbeid med NAV Buskerud og Enter kompetanse i Drammen, eit såkalla arbeidsretta norskkurs for arbeidsinnvandrarar i Norge. Målet med kurset er å bli dyktigare i norsk både skriftleg og munnleg. Dette bidreg til at innvandrarar som ikkje har rett på norskopplæring etter introduksjonslova, eller innvandrarar som har brukt opp denne retten, skal kunne bli så gode i norsk som det trengst innan forskjellige yrkesgrupper.

I vår fekk sju personar frå Somalia, Polen, Estland, Afghanistan, Skottland og Estland, det viktige kursbeviset som dei kan legge ved når dei søker jobb.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilrettelagt for yrket

– Kurset er individuelt tilrettelagt og knytt opp til faget den enkelte har lyst å jobbe med, og fokuserer mindre på grammatikk og rettskriving. Vil ein jobbe på kjøkken treng ein jo eit heilt anna ordforråd enn innan for eksempel omsorgsyrke, fortel fagleiar ved VINN på Gol, Gunn Marit Arnegard.

Kursdeltakarane går gjennom 300 timar på 10 veker. Arnegard fortel om svært motiverte og interesserte deltakarar som alle har hatt stor progresjon gjennom kurset. Alt no er det klart at det blir nytt kurs til hausten. Fleire av deltakarane vil fortsette anten fulltid eller deltid også på neste. Ein av dei er Miroslaw Jorn Odya frå Polen.

Å kunne legge ved eit kursbevis

I tillegg til generell språklære har deltakarane også blitt informert om norske arbeidskultur og om korleis arbeids- og utdanningskrava er her i Norge.

– Eg synest det har vore eit veldig fint kurs, ja eg har lært mykje, seier Odya. Ali Abdi nikkar einig. Begge skal dei vere med på kurset til hausten for å bli endå betre i norsk.

– Når dei no er ferdige med kurset, kan dei legge ved kursbeviset i jobbsøknadar, fortel Arnegard. På den måten kan det verta lettare å komme i biletet når ein er på leit etter jobb.