Ein kommunal vassledning under helikopterlandingsdekket ved Hallingdal Sjukestugu har sprukke.
Ein kommunal vassledning under helikopterlandingsdekket ved Hallingdal Sjukestugu har sprukke.

Lekkasje på kommunal vassledning - så fraus nødløysinga

Teknisk etat i Ål kommune er i full beredskap etter ein vasslekkasje på Sundre.

Onsdag oppdaga teknisk etat i Ål kommune ein lekkasje på ein kommunal vassledning under helikopterlandingsdekket på Sundre. Hallingdal Sjukestugu og Ål Helsetun er blant abonnentane i dette området.

Nødløysinga fraus

Onsdag ettermiddag jobba kommunen på spreng for å få på plass provisoriske løysingar i tilfelle dei måtte stengje vasstilførselen til helsetunet og sjukestugu. Lekkasjen er lokalisert, men tek tid å reparere. Difor vart vatnet stengd av onsdag kveld, slik at ikkje lekkasjen skulle stå og gå gjennom natta. Avstenginga fungerte ikkje heilt etter planen, då reserveløysingane som skulle sikre vasstilførselen til sjukestugu fraus.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me tenkte me skulle stengje vatnet, så ikkje vasslekkasjen skulle gå for fullt. Men nokre av dei provisoriske løysingane me prøvde fraus, så me kopla på att vatnet, seier Svein Furuhaug, avdelingsleiar for VAR.

Tek tid å reparere

Førebels har altså alle abonnentane i området vatn, men det gjeld like fullt å få reparert skaden så fort som råd – før vassledninga sprekk ytterlegare.

– Me har starta arbeidet med å reparere lekkasjen. Mellom anna må det støyping til – og difor tek arbeidet litt tid. Me håpar me kan sette på att vatnet som normalt tidlegast laurdag, seier Furuhaug.

Han meiner bevegelse i massane under bygget kan vera ein mogleg årsak til lekkasjen. Fredag ettermiddag melde teknisk etat at dei hadde full kontroll på to midlertidige løysingar for å sikre vasstilførselen til mellom anna Hallingdal Sjukestugu. Dei var også i ferd med å få på plass ein ny permanent back-up løysing, som blir verande etter at den pågåande lekkasjen er reparert.