Ei kvinne vart laurdag ettermiddag meldt sakna i området ved Vasstulan Høyfjellsseter. Ho vart funnen tidleg laurdag kveld.
Ei kvinne vart laurdag ettermiddag meldt sakna i området ved Vasstulan Høyfjellsseter. Ho vart funnen tidleg laurdag kveld.

Leiteaksjon etter kvinne i 80-åra enda lykkeleg

Ein mann melde laurdag ettermiddag kona si sakna. Rundt to og ein halv time seinare vart kvinna funnen i god behold.

Det var like før klokka 17 laurdag at politiet vart oppringt av ein mann frå Dagalifjell. Mannen melde at kona, som skal vera dement, ikkje hadde kome tilbake til hytta etter ein tur. 

Eit Sea King-helikopter vart sett inn i søket etter kvinna i 80-åra, og frivillige organisasjonar vart også tilkalla.

Artikkelen held fram under annonsen.

Like før klokka 19.30 melde politiet at kvinna var funnen i god behold. 

Ho vart funnen gåande langs ein grusveg, i fin form og i godt humør. Kvinna var då omlag 11 kilometer unna hytta.