Odd Inge Skredderberget Blakkestad .
Odd Inge Skredderberget Blakkestad .

Laussnøkøyrar måtte ha hjelp av luftambulansen

Luftambulansen i Ål måtte i ettermiddag hente ut ein skadd laussnøkøyrar i Grøndalen i Hemsedal. Skadeomfanget er førebels uvisst.

Det var ved 14-tida i dag at AMK-sentralen fekk melding om ulykka. AMK-sentralen varsla både luftambulansen i Ål og Gol og Hemsedal Røde Kors hjelpekorps. På grunn av dårleg flyver frykta ein at det ville bli vanskeleg å hente ut den skadde med ambulansehelikopter. 

Tre snøskuterar og fire personar frå hjelpekorpset vart difor utkalla. Hjelpekorpsmannskapa kom raskt til området, men veret betra seg og luftambulansen fekk henta ut den skadde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ulykka skjedde i bratt og ulendt terreng ikkje langt unna Solheisen i Grøndalen.  Den skadde dreiv laussnøkøyring saman med nokre kameratar.

– Snøskredfaren har auka etter det siste snøfallet. Fleire stader er det kome rundt 40 cm med nysnø oppå tidlegare snøfall, opplyser administrativ leiar i Gol og Hemsedal Røde Kors hjelpekorps, Odd Inge Blakkestad.

Blakkestad oppmodar alle om å sjekke nettstaden varsom.no før ein legg ut på tur.  – Ein tur er alltid både tur og retur, understrekar Blakkestad som gir honnør til hjelpekorpsmannskapa for rask utrykking.