Alpinanlegg landet rundt melder om kraftig auke i salet på heiskort. Ski Geilo melder om auke på 27 prosent frå sesongstart til årsskiftet. Det er på linje med andre anlegg i Buskerud og landsgjennomsnittet.
Alpinanlegg landet rundt melder om kraftig auke i salet på heiskort. Ski Geilo melder om auke på 27 prosent frå sesongstart til årsskiftet. Det er på linje med andre anlegg i Buskerud og landsgjennomsnittet.

«Kvitt gull» for alpinanlegga

Rikeleg med natursnø har gitt mange alpinanlegg tidenes beste sesongstart. Snø i byen gir opptur i fjellet.

Dei norske alpinanlegga selde skikort for 1,1 milliardar kroner førre sesong. No melder bransjen om tidenes sesongstart og ein samla framgang på 29 prosent. Veksten på Geilo er i same omfang, med 27 prosent fram til årsskiftet.

– Det er stor grunn til å tru me får ein god og lang sesong, seier ein godt fornøgd Andreas Smith-Erichsen, som ny i leiarstolen til Ski Geilo.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Snø i byen slår positivt ut

Geilo har før denne sesongen gjort store endringar for å samle seg til éi skibygd, med eitt alpinanlegg, bunde saman av shuttle-bussar. Det er likevel store snømengder som gir ekstra breie smil no for tida.

– Det snør jamt, og interessa for alpint er stor. Anlegg som ligg høgt klarar seg alltid, men når folk i lågare strøk også må måke snø, veit me det slår ut positivt, seier Smith-Erichsen.

«Alle» melder om vekst

Alpinanleggenes landsforeining (ALF) trur det kan gå mot tidenes beste vinter for anlegga. Generalsekretær Camilla Sylling Clausen har over 200 små og store anlegg i ryggen når ho melder om snø i «heile landet» og fantastisk heisomsetning.

– Me har ikkje tal frå alle, men samtlege som har rapportert inn tal til oss melder om vekst, seier ho.

På Vestlandet har vintervêret vore krevjande nokre sesongar, men no kan landsdelen vise til vekst på heile 57 prosent!

Utviklinga i salet av heiskort frå sesongstart til årsskifte fordeler seg slik ulike landsdelar i mellom:

* Oppland/Hedmark: Pluss 13 prosent

* Oslo/omland: Pluss 29 prosent

Artikkelen held fram under annonsen.

* Buskerud: Pluss 28 prosent

* Telemark: Pluss 31 prosent

* Sørvest/vest/nordvest: Pluss 57 prosent

* Totalt: Pluss 29

Anlegga til Skistar (i Hemsedal og Trysil) er ikkje rekna med ettersom selskapet er børsnotert og ikkje har høve til å rapportere tal for perioden.

Skistar Hemsedal omsette heiskort for 120 millionar kroner i 2016/2017-sesongen. Geilo omsette for 46 millionar.

– Sesongen er sikra

Også Camilla Sylling Clausen er overtydd om at ein snørik vinter er medverkande til veksten.

– Folk set snøaktivitet i fokus når det ligg kvitt utanfor kontoret. Saman med at mange anlegg fekk ein tidleg sesongstart har nok det gitt vekst.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men det viser at alpinbransjen er ein vêrutsett bransje?

– Det er ikkje tvil om anna. Trass i at mange blir betre på kunstsnø, vil me alltid vere vêravhengig.

Blant dei mindre anlegga er Nesbyen alpinsenter. Etter eit par veker berre med ope i helgene er anlegget no i gang igjen for fullt. Då skal det vere drift til over påske.

– Det har nesten aldri vore betre forhold. Natursnø er det som sel best. Sesongen er sikra, seier Nikoai Jelstrup, marknadssjef i Nesfjellet.