Det er snørikt på Golsfjellet i vinter
Det er snørikt på Golsfjellet i vinter

Kvar kjem hyttenaboen din frå?

Oslo dominerer blant hytteeigarar i Hallingdal. Berre Geilo har utprega mange hytteeigarar med skarre-r.

Sjansen er stor for at hyttenaboen din kjem frå Oslo, nesten uansett kvar du har hytte i Hallingdal. Kvar femte hytteeigar bur i hovudstaden.

Hallingdølen presenterer i dag ein oversikt over kvar dei fleste med hytte i regionen bur til vanleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

300 hytteeigarar har adresse i utlandet.

Kortreist til hytta

I Flå er det kring 1800 fritidseigedomar. Kort avstand til Oslo-regionen gjer at Oslo-folk dominerer på eigarsida. Med unntak av flåværingane sjølv er det også Bærum og Asker samt ei rekkje kommunar i Buskerud som rår grunnen i dalens sørlegaste hyttekommune.

Ti på topp i Flå

Slik kunne det sjå ut i eit hyttefelt på Høgevarde i 2015
Slik kunne det sjå ut i eit hyttefelt på Høgevarde i 2015
Biletet er frå Valdreslie
Biletet er frå Valdreslie
Estatia fjellandsbyi Havsdalsgrenda på Geilo.
Estatia fjellandsbyi Havsdalsgrenda på Geilo.
Det er uvisse kring hyttetalet i Hemsedal. Desse ligg på rekkje og rad i Totteskogen og er teikna av arkitekt Tim Resen
Det er uvisse kring hyttetalet i Hemsedal. Desse ligg på rekkje og rad i Totteskogen og er teikna av arkitekt Tim Resen

392 Oslo

228 Bærum

123 Flå

99 Asker

84 Ringerike

Artikkelen held fram under annonsen.

82 Drammen

53 Lier

43 Nedre Eiker

42 Røyken

39 Øvre Eiker

631 Andre

1819 Totalt

Nesfjellet

Mønsteret er noko av det same i Nes. Her er det over 3000 hytter og nesten 600 av dei er eigd av folk frå Oslo. Nesningar sit sjølv på vel 400, mens Bærum og Asker følgjer tett på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ti på topp i Nes

596 Oslo

431 Nes

331 Bærum

198 Asker

172 Drammen

85 Ringerike

67 Lier

Artikkelen held fram under annonsen.

59 Nedre Eiker

45 Utlandet

45 Røyken

974 Andre

3003 Totalt

Heimekjært på Golsfjellet

I Gol er det kring 2400 hytter, med eigarar frå til saman 140 ulike kommunar. Ein stor del er eigd av golingane sjølv. Om ein i tillegg reknar med stølane (400), som i hovudsak har lokale eigarar, er Gol ein av få kommunar med klart størst lokalt eigarskap.

Ti på topp i Gol

423 Oslo

Artikkelen held fram under annonsen.

402 Gol

229 Bærum

116 Drammen

113 Asker

82 Bergen

72 Ringerike

46 Lier

43 Fredrikstad

Artikkelen held fram under annonsen.

40 Nedre Eiker

876 Andre

2442 Totalt

Oslo – størst i Hemsedal

I Hemsedal er det over 2400 hytteeigarar, men i tillegg kjem 700 leilegheiter og 500 utleigehytter. Oslo-dominansen er overveldande på eigarsida av fritidseigedom. Ingen andre stadar er eigarkonsentrasjonen så stor (30 prosent).

Det er relativt mange hemsedøler som også har hytte i eigen kommune. 22 prosent har lokalt eigarskap. Som ein kuriositet kan ein ta med at det berre 11 hyttefolk som har Bergen som bustadadresse.

Ti på topp i Hemsedal

804 Oslo

574 Hemsedal

63 Drammen

47 Utlandet

38 Asker

30 Jar

29 Høvik

29 Moss

28 Snarøya

27 Bekkestua

904 Andre

2573 Totalt

«Internasjonalt» på ålingsfjellet

I Ål er det snart 2900 hytteeigarar. Av dei meir eksotiske hyttenaboane kan ein nemne at eigarane har adresse i 14 ulike land inkludert både Myanmar, Bermuda og Dei Sameinte Arabiske emirater, noko som vitnar om skattemessige motiv.

Ti på topp i Ål

637 Oslo

395 Ål

99 Drammen

94 Torpo

69 Asker

53 Utlandet

52 Gol

42 Bergen

39 Hønefoss

30 Bekkestua

1391 Andre

2876 Totalt

Sterkt vestlandstrykk

I Hol er det over 6100 hytteeigarar. Nærare 1200 bur i Oslo, nær dobbelt så mange som Bergen (vel 600), men om ein tek med områda rundt Bergen kjem minst 1400 frå Vestlandet. Ein bør ikkje bli overraska av skarre-r, med andre ord.

Nærare 500 av fritidseigedomane har lokale eigarar. Hol har relativ mange hyttefolk med adresse i utlandet med 122 eigedomar, som betyr to prosent.

Ti på topp i Hol

1171 Oslo

621 Bergen

280 Geilo

188 Paradis

161 Rådal

158 Asker

152 Nesttun

122 Utlandet

105 Hovet

91 Bønes

2156 Andre

6161 Totalt

Kongsberg-ferie

I Nore og Uvdal finst det 3400 hytter. Her er det Kongsberg-regionen som toppar hytteeigar-statistikken. 24 av eigarane kjem frå Hallingdal. 41 har adresse i utlandet.

Ti på topp i Nore og Uvdal

217 Kongsberg

199 Oslo

184 Drammen

164 Tønsberg/Nøtterøy

144 Nore og Uvdal

116 Rødberg

78 Sandefjord

67 Asker

47 Larvik

46 Drøbak

2168 Andre

3393 Totalt

Det ser ut som det «manglar» tusenvis av fritidsbustader i den offisielle hyttestatistikken i Hallingdal. Seksjonering kan vere ei av årsakene.

Den offisielle statistikken over fritidsbustader viser at det ved årsskiftet var vel 18.000 hytter i Hallingdal. I forsøket på å finne ut kvar dei høyrer heime har det vist seg at nokon slik oversikt ikkje finst.

Det har også vist seg at seksjoneringar av reiselivsbedrifter kan «skjule» fleire fritidsleilegheiter.

– Dette er ingen ekstakt vitskap, sa Ola Frogner, teknisk leiar i Hemsedal kommune, då talet på hytter var tema i eit formannskapsmøte 20. mars.

Etter at Hallingdølen har stilt spørsmål til alle kommunane om kvar hytteeigarane har sin heimeadresse får me vite at det er 19.212 eigarar av fritidseigedom.

Det kan sjå ut som det er 1123 fleire hytteeigarar enn det er hytter. Det er neppe tilfelle.

– Det kan vere mange feilkjelder. Opp gjennom åra har det vore ulike måtar å registrere på, seier Frogner.

Ulike teljemåtar gir ulike hyttetal

Me har bede kommunane om oversikt over kvar hytteeigarane bur, med utgangspunkt i gebyr hytteeigarar må betale til kommunen. Med få unntak må alle med hytte betale ei form for gebyr.

I Hol har ein registrert over 600 fleire mottakarar av slike gebyr, samanlikna med talet på hytter. Ei årsak kan vere at ein og same hytteeigar står oppført med fleire gebyr-avtalar.

Frå administrasjonen si side forklarar ein differansen med seksjonering. Havsdalsgrenda er til dømes registrert som ei hytte hos SSB, mens det i realiteten er 90 seksjonar med ulike eigarar. Situasjonen er den same for fleire bygg. Det er kommunane sjølv som rapporterer inn til SSB.

I Hemsedal er det også vel 400 fleire som betalar hytte-gebyr enn det offisielle talet er på hytter.

Administrasjonen har no finrekna og kome fram til at det reelle talet er 2441 hytter. I tillegg er det 709 leilegheiter, og 509 utleigehytter. Då er det i så fall tale om 3659 «hytter» i bygda. I tillegg finst det 232 stølar, som i enkelte tilfelle blir nytta som hytte.

Slik sett stemmer korkje det offisielle talet (2161) eller talet på hytteeigarar som betalar gebyr (2573). Det manglar kanskje så mange som 1500 i talmaterialet i Hemsedal, sjølv om ein held stølane utanom.

Uvisse kring hytteomfang

I Nes er situasjonen ein annan. Her manglar det tilsynelatande 259 hytteeigarar. Det er neppe situasjonen, sjølv om det kan sjå ut som ein del har hytte «gratis» eller ein del hytter står utan eigar.

I Flå og Nore og Uvdal er situasjonen den same som i Nes, om enn i noko mindre omfang.

Men om det er 18.000, 19.000 eller over 20.000 hytter i Hallingdal (om ein legg det siste reknestykket frå Hemsedal til grunn), er i skrivande stund uvisst.

Ein mogeleg feilkjelde til ligg også i Hallingdølens spørsmålsformulering og korleis den tilsette i kommunen har gått fram for å finne svaret. Dette er ingen fasit.